Col de l'Iseran er eit pass på 2770 moh. som er det høgastliggande køyrbare fjellpasset i Alpane. Det ligg i Dei graiiske Alpane i det franske Département Savoie. Den asfalterte strekninga der ein del av Route des Grandes Alpes.

Vegen knyter saman fjelldalane Isère (Tarentaise) og Arc (Maurienne) renn gjennom. Den eigentlege passvegen strekker seg frå Val-d'Isère i nord til Bonneval-sur-Arc i sør. Nordsida er brattast, vegen har ei stigningsgrad frå 7 til 12 % og går gjennom ei rekke tunnelar og overbygg. Her finn ein kjente vintersportstader som Tignes og Val-d'Isère. På sørsida går vegen i det fri gjennom ein karrig fjelldal. Vegen er berre farbar om sommaren, om vinteren blir den brukt som alpintrasé under skiområdet Espace Killy.

Rett vest for passhøgda ligg Pointe des Lessières, ein relativt lett tilgjengeleg topp på 3041 moh. med eit flott utsyn over passvegen.

Tour de France Så langt har Tour de France gjort bruk av Col de l’Iseran vore i åra 1938, 1939, 1949, 1949, 1963, 1992 og 2007. Iseran stod på programmet i 1996 òg, men dårleg vêr gjorde at klatringa over passet blei tatt ut.

ÅrEtappeKategoriLeiar over toppen20079HCJaroslav Popovitsj199213HCClaudio Chiappucci1963161Fernando Manzaneque1959181Adolf Christian1949171Joseph Tacca193916bITTSylvere Maes193814 Felicien Vervaecke

Litteratur Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006 Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004 Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005

Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff 4biker.eu Høgdeprofil nordsida Høgdeprofil sørsida GPS-track, kart og høgdeprofil på alpenrouten.de

Kategori:Fjellovergangar i Alpane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Tour de France Kategori:Rhône-Alpes