Torent Alto (eller Torrone Alto) er eit fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden. Det er det høgaste fjellet i ei rekkje mellom skardet Giümella, aust for Biasca (2 117 moh.) og Bellinzona.
Torent Alto består av tre ryggar og veggar. Den største er nordveggen, som ligg oppfor Val Pontirone sør for Malvaglia. Den minste er vestveggen, som ligg oppfor Valle d'Osogna, aust for Osogna. Austveggen ligg oppfor landsbyen Cauco i Calancadalen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torent Alto» frå , den 12. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Torrone Alto på SummitPost
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino Kategori:Fjell i Graubünden