Eufoniaer er medlemmer av slekta Euphonia, ei gruppe neotropiske fuglar i finkefamilien. Slekta inneheld 25 artar som samla sett har utbreiing i Mexico, Mellom-Amerika, Sør-Amerika og på Jamaica. Saman med dei ti artane i slekta Chlorophonia gjer dei ut for underfamilien Euphoniinae.
Eufoniaer blei ein gong rekna som tanagarar, Thraupidae, og dei har framleis uklår taksonomisk status.
Slektsnamnet Euphonia kjem frå gammalgresk εὖ (eû), som betyr «vel, «god», og φωνή (phōnḗ), som betyr «lyd», og dermed «med god lyd», på grunn av det behagelege ropet til fuglen.
Skildring Hos dei fleste artane av Euphonia har hannen mørk metallblå overside og har sterk gul underside. Mange har kontrasterande bleike panner og undersida av stjerten er ofte kvit. Nokon har lyseblå flekker på hovudet og/eller oransje underside. Hoene er mykje meir einsfarga, hovudsakleg olivengrøne overalt. Dei varierer i total lengd frå 9 til 11 cm. Dei et små frukter og bær, spesielt misteltein (Loranthaceae). Nokre artar slik som purpurstrupeeufonia kan også supplere føda med insekt.
Leveområdet er frå Mexico i nord til Paraguay og nordlege Argentina i sør, omtrent til Buenos Aires. Slekta har fråvære frå Chile. Ein art er endemisk til Jamaica, to artar finst på øyane Trinidad og Tobago.
Artslista Medlemmer av Euphonia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Alle artar vurderte av Birdlife International er klassifiserte som livskraftige artar: Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing Utbreiingskart120pxJamaicaeufoniaEuphonia jamaicaJamaica80pxframeless|120x120pxOransjekroneeufoniaEuphonia saturataColombia, Ecuador og marginalt nordlegaste Peru80px120pxBlyeufoniaEuphonia plumbeaBrasil, Colombia, Peru, guyanaregionen og Venezuela80px120pxPurpurstrupeeufoniaEuphonia chloroticaArgentina, Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, guyanaregionen, Paraguay, Peru, Uruguay og Venezuela80pxframeless|120x120pxGuyanaeufoniaEuphonia finschiBrasil, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og austlege Venezuela80px120pxMagdalenaeufoniaEuphonia concinnaColombia80px120pxVenezuelaeufoniaEuphonia trinitatisColombia, Trinidad og Tobago, og Venezuela80pxframeless|120x120pxKrittgumpeufoniaEuphonia godmaniMexico80px120pxKratteufoniaEuphonia affinisBelize, Guatemala, Honduras, Nicaragua og langs den atlantiske kystsletta i Costa Rica80px120pxGulkroneeufoniaEuphonia luteicapillaCosta Rica, Nicaragua og Panama80px120pxKvitmaskeeufoniaEuphonia chrysopastaBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, guianaregionen, Peru og Venezuela80pxframeless|120x120pxKvitgumpeufoniaEuphonia minutaSør-Mexico langs Stillehavskysten til nordvestlege Ecuador, og på tvers av Nord-Sør-Amerika frå foten av dei austlege Andesfjella til Pará i Brasil og sør til Nord-Bolivia80px120pxStåleufoniaEuphonia chalybeaNordaustlege Argentina, Brasil og Paraguay80px120pxFioleufoniaEuphonia violaceaTrinidad, Tobago og austlege Venezuela, sør til Paraguay og nordaustlege Argentina80px120pxGulstrupeeufoniaEuphonia hirundinaceaFrå austlege Mexico sør til vestlege Panama80px120pxTjukknebbeufoniaEuphonia laniirostrisBolivia, Brasil, Colombia, Costa Rica, Ecuador, Panama, Peru og Venezuela80px120pxSmusskroneeufoniaEuphonia imitansCosta Rica og Panama80px120pxGrøneufoniaEuphonia gouldiSørlege Mexico til vestlege Panama80px120pxBrungumpeufoniaEuphonia fulvicrissaColombia80px120pxRustkroneeufoniaEuphonia anneaeColombia, Costa Rica og Panama80px120pxGyllenbukeufoniaEuphonia xanthogasterBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Guyana, Panama, Peru og Venezuela80px120pxAndeseufoniaEuphonia mesochrysaBolivia, Colombia, Ecuador og Peru80px120pxGullflekkeufoniaEuphonia cayennensisBrasil, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og austlege Venezuela80px120pxRustbukeufoniaEuphonia rufiventrisBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela80px120pxKastanjebukeufoniaEuphonia pectoralisArgentina, Brasil og Paraguay80px
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Euphonia» frå , den 7. september 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finkefamilien Kategori:Fugleslekter Kategori:Fuglar i Mexico Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i Sør-Amerika