Jørgen Brekke () er ein norsk kriminalforfattar. Han debuterte i 2011 med romanen Nådens omkrets. Andreboka, Drømmeløs, vart utgjeven i januar 2012, og den tredje i serien, Menneskets natur, kom i februar 2013.

Brekke er oppvaksen i Horten og er utdanna lektor frå NTNU. Han er busett i Trondheim og arbeider deltid innan omsorg og som frilansjournalist. Han har mellom anna skrive for magasinet Levende Historie.

Debutboka fekk positive kritikkar, var hovudbok i Bokklubben Nye Bøker og er seld til ti land. Brekke fekk Norlis debutantpris for boka.

Trondheimspolitimannen Odd Singsaker er hovudperson i dei tre første bøkene hans, og hendingar langt attende i historia er delar av handlinga.

Bøker

Kriminalromanar

2011 – Nådens omkrets 2012 – Drømmeløs 2013 – Menneskets natur 2014 – Doktor Fredrikis kabinett 2016 – Paradisplaneten 2017 – Avgrunnsblikk 2018 – Alle kan drepe Ungdomsbøker

2016 – Akademiet (Oppdrag Mars 1) 2017 – Reisen (Oppdrag Mars 2) 2018 – Planeten (Oppdrag Mars 3)

Bidrag i antologiar

2014 – Påskekrim 2014 : 18 kriminalnoveller 2015 – Årets påskekrim : 13 kriminalnoveller fra spenningens mestere 2015 – Påskekrim 2015 : 17 kriminalnoveller 2017 – Påskekrim 2017 : 17 krimnoveller

Prisar og utmerkingar 2011 – Norlis debutantpris 2012 – Maurits Hansenprisen Nytt blod, Kongsberg Krims debutpris for Nådens omkretsFikk debutpris Artikkel i avisa Laagendalsposten publisert 26. oktober 2012.

Referansar

Bakgrunnsstoff Utgjevingar av Jørgen Brekke i BIBSYS Ask

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Horten Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Forfattarar frå Vestfold Kategori:Forfattarar frå Sør-Trøndelag Kategori:Norske kriminalforfattarar kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2011