Beckenham er ein indre forstad i Christchurch på New Zealand, og ligg tre kilometer sør for sentrum i byen. Heathcote-elva snor seg gjennom denne bydelen, som for det meste er bustadsområde. Denne delen av elva vert ofte lokalt kalla Beckenham Loop.

Forstaden fekk namn av kaptein Stephen Fisher etter den engelske byen Beckenham.Christchurch Place Names, Christchurch City Libraries. Fisher busette seg i området i 1871 etter å ha gått av frå tenesta i den britiske marinen etter Krimkrigen. Ei tid vart ein del av Beckenham kalla Fisherton, og Fisher sitt hus stod der Fisher Avenue no ligg.

Beckenham grensar til Sydenham i nord, Somerfield i vest, Cashmere og Huntsbury i sør, og St Martins i aust.

mini|none|400px|Heathcote-elva og Beckenham Park ved Eastern Terrace.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beckenham, New Zealand» frå , den 5. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Beckenham, Christchurch City Libraries

Kategori:Christchurch Kategori:Canterbury på New Zealand