Anna Kathrine av Brandenburg ()Anna Kathrine fra Dansk Biografisk Leksikon var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskap med Kristian IV. Ho var fødd i Wolmirstedt i Sachsen-Anhalt og var dotter av Joakim Frederik av Brandenburg og Katarina av Küstrin.

Anna Kathrine blei gift med Kristian på Haderslevhus 27. november 1597.

Ein kjenner ikkje stort til Anna Kathrine, men ho har neppe gjort forsøk på å påverka politikken. Ho var med ektefellen til Noreg på ei lengre vitjing i 1602 og ho var også med under hyllinga av sonen Kristian i 1610.Langslet side 136

Anna Kathrine og Kristian fekk seks born; Frederik – 15. august 1599–9. september 1599, Kristian den udvalgte prins Christian i 1603, Sofie – 4. januar 1605–7. september 1605, Elisabeth – 16. mars 1606–24 oktober 1608, Fredrik i 1609 (seinare Fredrik III) og Ulrik i 1611. Referansar

Litteratur Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok

Kategori:Norske dronningar Kategori:Danske dronningar Kategori:Huset Hohenzollern Kategori:Gravlagde i Roskilde domkyrkje