Noreg, offisielt Kongeriket Noreg, er eit nordisk land vest på den fennoskandiske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Nord for Trøndelag er Noreg langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men båe desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på is.

Namn

Namnet «Noreg» har norrønt opphav med formene Norðrvegr og seinare Noregr. Dette kjem truleg frå gøtene og danene som omtalte den lange norskekysten som vegen mot nord. Så tidleg som 880, rundt tida kongeriket vart grunnlagt, kalla Ottar frå Hålogaland Noreg for norðmannaland (‘nordmannslandet’), medan Alfred, kongen av England, brukte forma Norðweg, som var føregangaren til det moderne engelske Norway.

Det offisielle namnet på nynorsk er Kongeriket Noreg, på bokmål Kongeriket Norge. På nordsamisk heiter riket Norgga gonagasriika, på lulesamisk, Vuona gånågisrijkka, på sørsamisk Nøørjen gånkarijhke og på kvensk Norjan kuninkhaanvaltakunta.

Historie

I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 872, og grunnla det fyrste norske kongssetet på Avaldsnes på Karmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, gav namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyane, og på Grønland.

Det er usemje om Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Det tradisjonelle synet er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hærtok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav (den Heilage) si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slegen attende.

I 995 grunnla kong Olav Trygvason den fyrste kyrkja på Moster på Bømlo, og byrja kristninga av landet. I 1024 sette kong Olav (seinare kalla Olav den Heilage) og bisp Grimkjell kristenretten på Mostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i 1030, der Olav fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar (borgarkrigstida) vart den arvelege kongsmakta trygd under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 heldt kongsfellesskapet fram med Danmark åleine. Tida vert i Noreg kalla «400-årsnatta», av di Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Noreg vart tvinga til å alliere seg med Napoleon og dimed kom i hop med taparane i Napoleonskrigane, førte Kiel-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lukkast å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende òg etter at ein kort krig med Sverige tvinga Noreg inn i personalunion med Sverige.

Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førte til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfest ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (ei grein av huset Oldenburg).

Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ei kollektiv tryggingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var mellom landa som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å verta med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.

Politikk

Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv rådet sitt, men etter riksrettsdomen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtfemnande rettar, men desse vert ikkje praktiserte i dag, og funksjonen hans er fyrst og fremst vorten seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er sett saman av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren legg fram.

Det norske parlamentet – Stortinget – har 169 medlemer, som er valde frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Stortinget sine saker vert handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear (justiskomiteen, finanskomiteen, landbrukskomiteen, osb).

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente domarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (tidlegare by- og heradsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Domarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane vert utnemnde av regjeringa. Den særskilde Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.

Geografi

Fylke Noreg er oppdelt i 15 fylke (og 357 kommunar): mini|424x424pk|Noreg har hatt 15 fylke sidan 1. januar 2024. float|høgre|225px Nr.FylkeAdministrasjonssenter03 Oslo11 Stavanger15 Molde18 Bodø31Sarpsborg32Oslo33Drammen34 Hamar39 24x24pk| VestfoldTønsberg40 24x24pk| TelemarkSkien42 Kristiansand46 Bergen50 24x24pk| TrøndelagSteinkjer55Troms56Vadsø

Tettstader Noreg har 942 tettstader (2012). Dei med høgast innbyggjartal er: Oslo () Bergen () Stavanger/Sandnes () Trondheim () Fredrikstad/Sarpsborg () Drammen () Porsgrunn/Skien () Nær 80 % (3 958 038 personar) av innbyggjarane i Noreg bur i tettstader.SSB: «Folkemengde og areal i tettsteder. Kommune. 1. januar 2012» Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

Topografi og klima

Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Noreg er òg kjend som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sumaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarande lang tid.

Heile lengda av Noreg fylgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgaste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påverka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen herskar meir arktiske tilhøve.

Sjå òg Geografiske ytterpunkt i Noreg Fjordar i Noreg

Økonomi Den norske økonomien er eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med ein kombinasjon av frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.

Innbyggjarar 300px|thumb|Folketalsutvikling i Noreg 1735–2014, i millionar menneske. Data frå SSB.SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst. Tala for 1735-1815 og 1838 er henta frå Michael Drake (1969) Population and Society in Norway 1735-1865, Cambridge University Press. Før 1816 berekna middelfolkemengde. 300px|thumb|Årleg folketalsvekst i Noreg 1951–2013, i tusenar. Data frå SSB.SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst Folketalet i Noreg er 5 051 275 (2013).SSB: «Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap, 1. januar 2013»

3 958 038 menneske, eller nesten 80 prosent av innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1. januar 2013).

Folkegrupper Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk/nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk/kvensk. Samar har status som urfolk, medan skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, taterar), romfolk og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 12 % per 1. januar 2013. Dei største innvandrargruppene er polakkar, svenskar, og litauarar.(SSB: «Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, 1. januar 2013»).

Religion og livssyn Kring 77 % av innbyggjarane er medlemer i den evangelisk-lutherske norske kyrkja (1. januar 2012)SSB: «Den norske kirke, 2012» 19. juni 2013. Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4,5 % (Den evangelisk-lutherske frikyrkja, Den katolske kyrkja, pinserørsla, metodistkyrkja med fleire) Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knappe 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutnad. Per 1. januar 2003 var rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte.SSB: «Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 1. januar 2012»

Utdanning 24 prosent av alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning (1. oktober 2004).

I 2004 var éi av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning (tal frå Statistisk sentralbyrå). Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.

Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

Språk Norsk språk