Vestmannen var eit kultur- og målpolitisk blad, redigert på høgnorsk. Bladet er gjeve ut frå 1985, og kom fram til år 2002 ut med 10 nummer i året. Frå 2002 av kjem bladet ut med seks nummer for året, og seinare endå meir sporadisk fram til den siste utgåva som kom hausten 2009. Utgjevaren var Vestmannalaget i Bergen og den siste bladstyraren Kjell Kjerland.
Historie Vestmannen vart grunnlagd av Jostein Krokvik i 1985. Krokvik var bladstyrar fram til 2000 då han fekk avløysing av Lars Bjarne Marøy. Ved tusenårsskiftet braut det ut ein hardsett strid i Vestmannalaget som byrja med at Lars Bjarne Marøy vart avsett som formann i Vestmannalaget og deretter som bladstyrar for Vestmannen. Grunngjevinga styret kom med for å avsetja Marøy var mellom anna at den tidlegare formannen Ludvig Jerdal hadde kritisert bladet for å vera for lite fokusert på det indre livet i Vestmannalaget.
Etter at Marøy var avsett, vart utgjevingsruta kutta ned frå 10 nummer i året til seks nummer årleg og Krokvik sett inn att som bladstyrar. Avsetjinga av Marøy førte til ei varig kløyving i høgnorskrørsla der tidlegare skribentar og medarbeidarar i Vestmannen braut ut og gjorde opptak til det målpolitiske tidsskriftet Målmannen.
Kjelder
Bladsoga åt Vestmannen. Skrive av redaktør Lars Bjarne Marøy i år 2000.
Bakgrunnsstoff Bladsoga åt Vestmannen. Skrive av redaktør Lars Bjarne Marøy i år 2000. Vestmannen 1985-2002
Kategori:Vestmannalaget Kategori:Nynorsk Kategori:Høgnorsk Kategori:Språktidsskrift Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1984 Kategori:Kultur i Bergen Kategori:Norskspråklege tidsskrift