Raidet mot Salmon Falls (27. mars 1690) var eit raid der Joseph-François Hertel de la Fresnière leia soldatane sine og mi'kmaq- og maliseet-indianarar frå Fort Meductic i New Brunswick for å erobre og øydeleggje den engelske busetnaden Salmon Falls (dagens Berwick i Maine) under Kong Vilhelm-krigen. Landsbyen vart øydelagd og dei fleste av innbyggjarane drepne eller tekne til fange og transportert attende til Canada. Ein milits frå Portsmouth følgde etter, men vart driven bort i ei småtrefning seinare på dagen. Hertel heldt så fram og raida dagens Portland i Maine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raid on Salmon Falls» frå , den 3. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Kingsford, William. The History of Canada

Salmon Falls Salmon Falls Kategori:Historia til Maine