Slaget ved Quebec vart utkjempa i oktober 1690 mellom koloniane til Ny-Frankrike og Massachusetts Bay, som då var styrt av høvesvis Frankrike og England. Det var første gong Quebec vart angripen.
Etter erobringa av Port Royal i Acadia under Kong Vilhelm-krigen, håpte ny-engelskmennene på å erobra Montreal og Quebec i tillegg, hovudstaden i Ny-Frankrike. Tapet av det akadiske fortet sjokkerte kanadiarane, og generalguvernør Louis de Buade de Frontenac gav ordre om å førebu byen for ei kringsetjing.
Då sendebodet leverte overgjevingsvilkåra, erklærte generalguvernøren at han berre ville svare dei ved munningen til kanonane sine.Chartrand, French Fortresses in North America 1535–1763: Quebec, Montreal, Louisbourg and New Orleans Major John Walley leia invasjonsarmeen, som gjekk i land ved Beauport i Basin of Quebec. Militsen på land vart angripen av den kanadiske militsen og drivne attende, medan skipa til engelskmennene, kommandert av sir William Phips, nesten vart øydelagd av kanonelden frå byen.
Begge sidene lærte frå slaget. Franskmennene utbetra forsvarsverka i byen, medan ny-engelskmennene forstod at dei trengde meir artilleri og betre støtte frå England om dei skulle ta byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Quebec (1690)» frå , den 1. februar 2012. oppgav desse kjeldene: René Chartrand, French Fortresses in North America 1535–1763: Quebec, Montreal, Louisbourg and New Orleans (Fortress 27); Osprey Publishing,. mars 20, 2005. ISBN 978-1-84176-714-7
Kategori:Kong Vilhelm-krigen Kategori:Engelske slag Kategori:Kanadiske slag Kategori:Historia til Quebec Kategori:Konfliktar i 1690