Albany er hovudstaden i den amerikanske delstaten New York. Albany har opp under 100 000 innbyggjarar og er hovudsete for fylket Albany County. Albany ligg 233 km nord-austom byen New York City på vestbreidda av Hudson River.

Byen har nære band til dei nærliggande byane Troy, Schenectady og Saratoga Springs, og i lag dannar dei ein region kalla Capital District. I 2010 hadde dette området kring 870 000 innbyggjarar og er det 58. største storbyområdet i USA.

Albany vart grunnlagd i 1614 av Dei sameinte Nederlanda og vart hovudstad i New York i 1797. Han er ein av dei eldste permanent busette stadane frå dei opphavlege tretten koloniane.

Historie England tok byen frå Nederland i 1664, og gav han namnet Albany etter kong Jakob II som òg var hertug av Albany i Skottland.

I 1807 starta ein å køyre dampskip på Hudson River mellom Albany og New York City. Frå 1819 var byen forbunde med Dei store sjøane over Eriekanalen.

I 1831 byrja jarnbana å vekse fram som føretrekt transportmiddel. Lokomotivet DeWitt Clinton nytta berre 46 minutt frå Albany til Schenectady, og var inntil vidare det første damplokomotivet i heile New York.

Transport Motorvegen I-87 knyter Albany til den sørlege delen av New York, og New York City (260 km). I nord går motorvegen til Montreal i Canada (350 km). Den andre motorvegen I-90 knyter byen til aust med Springfield, Massachusetts (140 km) og mot vest med Syracuse (230 km).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Albany (New York)» frå , den 1. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatshovudstader i USA Kategori:Byar i delstaten New York Kategori:Byar ved Hudson River Kategori:Busetnader grunnlagde i 1614