Simon Arnauld de Pomponne, seigneur og så marki (1682) av Pomponne () var ein fransk diplomat og minister.

Simon Aranauld de Pomponne var fødd i Paris i 1618, som son av Robert Arnauld d'Andilly og Catherine Le Fevre de la Boderie. Han var bror til Antoine Arnauld og Angélique de Saint-Jean Arnauld d'Andilly. Han starta karrieren sin som intendant for den franske garnisonen i Casale, der han var frå 1642 til 1647. Så vart han utpeikt til «intendant d'armée» i Italia, i Paris under Fronden, og Catalonia.

De Pomponne starta som diplomat i 1655 og forhandla ein avtale med hertugen av Mantova. Mot slutten av 1660-åra vart han ambassadør i Sverige. Her skulle han hindre Sverige i å verte del av Trippelalliansen (1665-1668). I 1671 vart han igjen send til Sverige for å danne ein ny allianse mellom Sverige og Frankrike, og slik vart Dei sameinte Nederlanda diplomatisk isolert, slik at Ludvig XIV kunne gå til åtak.

Etter at Hugues de Lionne døydde i 1671, tok Simon Arnauld de Pomponne over stillinga hans som utanriksminister, noko han var fram til 1679. De Pomponne klarte å oppnå freden i Nijmegen (1678), men vart til slutt sagt opp av kongen, som ønskte ein meir brutal utanrikspolitikk. Han heldt derimot fram å spele ei viktig rolle i fransk politikk i 1690-åra.

Simon Arnauld de Pomponne døydde i Fontainebleau i 1699.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Simon Arnauld, marquis de Pomponne» frå , den 26. januar 2012. oppgav desse kjeldene: Simon Arnauld de Pomponne, Mémoires, Paris, 1860, 2 vol. Simon Arnauld de Pomponne, Relation de mon ambassade ein Hollande, ed. Herbert H. Rowen, Utrecht, 1955. Herbert H. Rowen, The Ambassador prepares for war, The Hague, 1957. Rémi Mathis, "De la négociation à la relation d'ambassade. La seconde ambassade de Suède de Simon Arnauld de Pomponne (1671)" in Revue d'Histoire diplomatique, n°3, 2005.

Kategori:Folk frå Paris Kategori:Markiar av Pomponne Kategori:Franske utanriksministrar Kategori:Franske diplomatar Kategori:Folk frå 1600-talet