«La La Love» (engelsk for La la kjærleik) er ein singel av Ívi Adámou, frå albumet San Éna Óneiro (Euro Edition).

Eurovision A Song for Ívi 3. august 2011 vart Ívi Adámou vald ut internt av Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012. 25. januar 2012 song ho tre ulike songar i eit fjernsynsprogram kalla A Song for Ívi. Songen «La La Love» vann med 24 poeng og skal representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012 Songen starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Her enda han på 16. plass.

EUROSONG 2013 - a MAD show Til EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, vart det laga ein mashup av «La La Love» og «Aphrodisiac», det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2012. Adámou framførte teksten til «La La Love», medan Elefthería Eleftheríou framførte teksten til «Aphrodisiac».

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «La La Love» frå , den 26. januar 2012. Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.

Kategori:Eurovision Song Contest 2012-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ívi Adámou-songar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:EUROSONG 2013 - a MAD show