Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjent turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekkjer til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.

mini|Mann på Kjeragbolten. I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5 m³ stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.

Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.

BASE-hopping Kjerag har vorte ein populær stad for BASE-hopping. Frå 1994 til 2008 vart det utført hopp. Frå 1994 til 2005 mista 9 basehopparar livet ved Kjerag, dei fleste av dei frå utlandet.

I den norske dokumentarfilmen Loop kan ein sjå Kristen Reagan som først klatrar opp dei 1000 metrane og så kastar seg utfor same fjellvegg med fallskjerm.

Sjå òg Preikestolen

Bakgrunnsstoff Artikkel i Aftenbladet

Kategori:Klipper i Noreg Kategori:Fjell i Forsand Kategori:Turistmål i Rogaland