Distriktet Riviera er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 166,4 km² og hadde 12 533 innbyggarar i 2010. Biasca er hovudstad. Riviera grensar i aust mot kantonen Graubünden.

Distriktet Riviera omfattar ein krins (italiensk circoli) og dei seks kommunane Biasca, Claro, Cresciano, Iragna, Lodrino og Osogna.

Italiensk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Riviera (district)» frå , den 25. januar 2012.

Riviera