mini|Toten har rike jordbruksbygder
Toten er eit område søraust i Oppland, vest for innsjøen Mjøsa. Det omfattar kommunane Østre og Vestre Toten, med 14 465 og 12 723 innbyggjarar. Dei har flatemål på 561 og 249 km², til saman 810 km². Administrasjonssenteret i Vestre Toten er Raufoss, og i Østre Toten Lena. Historisk sett høyrde òg Biri og Vardal, no delar av Gjøvik kommune, til Toten futedøme, men det er ikkje lenger vanleg å rekne desse til Toten. Toten prosti femner også Gjøvik kommune.
Gustav Indrebø meinte namnet kom av det norrøne Þóttr som tyder godtokke, hugnad, «den trivelegaste bygda».
Historie
Toten var del av eit lite kongerike i tidleg vikingtid og Halvdan Kvitbein var den mest kjende kongen som styrte der.
Toten har tradisjonelt vore eit av Noregs største jordbruksområde, medan industriparken på Raufoss er eit av dei største industrisentera i innlandet i Noreg.
Totenmål
Dialekten på Toten høyrer til opplandsmåla av austlandsk. Totenmålet har halde på dativ og har samsvarsbøying i adjektiv og perfektum partisipp. Eit døme: «Totninger er namnet på innbyggera i dei to Totenkommuna Vestre Toten og Øystre Toten. Generelt for totninger er at dom talar totning. Ellers er det sagt at det tæk tid å vara totning.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Toten» frå , den 27. januar 2012.
Referansar
Kategori:Geografi i Innlandet Kategori:Distrikt i Noreg Kategori:Politikk i Oppland Kategori:Historie i Oppland Kategori:Valdistrikt ved Stortingsval