Oppenheim er ein by i distriktet Mainz-Bingen i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Byen er ein velkjend vinby i vindistriktet Rheinhessen og det ligg eit vinmuseum i byen. Byen ligg ved Rhinen mellom Mainz og Worms.
Som landsby vart staden først nemnd i 765. I 1008 fekk Oppenheim marknadsrettar og i 1076 var han viktig under investiturstriden. Eit møte mellom fyrstane i Trebur og Oppenheim kalla fyrstane inn kong Henrik IV for å gjere hans «Kanossagang». Etter at Oppenheim vart gjeven attende til Riket i 1147 vart han i 1225 ein fri keisarby under Staufer-keisaren Fredrik II.
På 1300-talet vart byen underlagd Kurfyrstedømet Mainz og frå 1398 høyrte han til Kurfyrstedømet Pfalz.
Den 14. september 1620 erobra spanske soldatar byen i trettiårskrigen. Spanjolane okkuperte byen fram til 1632. I 1688 erobra franske soldatar byen i niårskrigen (1688–1697). Byen vart verande under kurfyrstedømet Pfalz fram til 1797. Etter ha kome inn under franskmennene gjekk Oppenheim i 1816 til storhertugdømet Hesse-Darmstadt, noko han var fram til 1945.
I mars 1945 klarte amerikanske soldatar å krysse Rhinen og ta og halde byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oppenheim» frå , den 21. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Rheinland-Pfalz Kategori:Byar ved Rhinen