Rosenborg Ballklub (RBK) er ein fotballklubb frå Trondheim. A-laget for menn spelar i Eliteserien (2020) og Rosenborg2 spelar i 2. divisjon avdeling 2. Noverande hovudtrenar er .
Klubben vart stifta i 1917 under namnet Odd, men skifta namn til Rosenborg Ballklub i 1927. Dei har imponert både ved at dei vann Tippeligaen 13 sesongar på rad (1992–2004) (i Europa berre slått av Skonto Riga, Latvia), og ved å kvalifisere seg til Meisterligaen kvart år sidan starten, med unnatak av hausten 2003 og 2006. I 2005 kom Rosenborg berre på 7. plass i eliteserien, men vann att i 2006.
Troppen til A-laget Oppdatert 6. januar 2024.A-laget spillere, rbk.no
Historie Klubben har hatt to gullaldrar. I 1960-åra spelte klubben seg opp frå å vera eit ukjent lag, til å vinne cupen to gonger (i 1960 og i 1964), og dessutan serien to gonger (i 1967 og i 1969). Av dei mest kjende spelarane frå denne tida, er Odd Iversen og Harald Sunde.
RBK tok sølv i serien i 1970 og tok «The Double» i 1971. Sunde og Iversen vart selt som par til Racing Mechelen i 1970. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972, Iversen i 1973.
Neste gullalder starta med seriegull i 1985, og etter at Nils Arne Eggen gjorde comeback som trenar i Rosenborg i 1988, har klubben dominert norsk fotball.
Trond Sollied trente klubben eit mellomår for Eggen i 1998. Da Eggen gav seg i 2003, tok Åge Hareide over som trenar, men han slutta for å bli trenar for herrelandslaget etter berre eitt år. Tidlegare assistenttrenar Ola By Rise tok over trenarjobben året etter, men fekk sparken etter den eine sesongen, sjølv om laget vann Tippeligaen – rett nok med eit naudskrik – og kvalifiserte seg for Meisterligaen igjen. Assistenttrenar for Ola By Rise, Per Joar Hansen, tok da over som hovedtrenar, og fekk med seg Nils Arne Eggen, Bjørn Hansen og Rune Skarsfjord som i støtteapparatet på trenarsida.
Ut over i sesongen 2005, synte det seg at resultata vart dårlegare enn forventa. Den 7. august gjekk Per Joar Hansen av som trenar. Den 8. august vart det klart av Per-Mathias Høgmo vart ny hovudtrenar. Etter ein dårleg start under Høgmo si leiing, gjekk det betre mot slutten av 2005-sesongen. Rosenborg blei til slutt nr. 7 i eliteserien. Høgmo leia også Rosenborg til gruppespelet i meisterligaen. Hausten 2006 vart Høgmo sjukmeldt, og klubben vart leidd fram til seriemeisterskap av Knut Tørum. Høgmo trekte seg 31. oktober 2006, og Tørum tok da over som trenar. 25. oktober 2007 vart det kjent at Tørum hadde fått sparken på grunn av manglande resultat i serien, og assistentrenar Trond Henriksen tok over trenarjobben. Trenarskiftet vart offentleggjort dagen etter at Rosenborg hadde slått Valencia 2-0 i Meisterligaen.
Meisterligaen RBK har delteke i Meisterligaen (engelsk: Champions League) kvart år sidan 1995, med unnatak av hausten 2003, da dei rauk ut i kvalifiseringa og måtte spela UEFA-cup i staden, og 2006, da dei pga. 7. plass i Noreg året før ikkje spelte kvalifisering. Som ein av dei største prestasjonane til RBK, hugsar mange 2–1-sigeren borte mot AC Milan i desember 1996. Han førte til at AC Milan vart slått ut etter gruppespelet, og RBK gjekk vidare til kvartfinalen. Der vart likevel RBK slått ut av Juventus, etter å ha spelt 1–1 heime og tapt 2–0 i Torino.
Stadion
Lerkendal stadion vart innvidd 10. august 1947 og fekk installert flaumlys i 1968. «Nye Lerkendal» stod ferdig i oktober 2002 og har ein kapasitet på 21 166 tilskodarar.
Publikumsrekorden er 28 619, frå 15. oktober 1985, i ein seriekamp mot Lillestrøm.
Triumfar
Seriemeisterskap 1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015, 2016, 2017, 2018.
Cupmeisterskap 1960, 1964, 1971, 1988, 1990, 1992, 1995, 1999, 2003, 2015, 2016 og 2018.
Toppscorarar i serien ÅrNamnMål1967Odd Iversen171968Odd Iversen301969Odd Iversen261970Erling Meirik51971Bjørn Wirkola og Arne Hansen61972Arne Hansen91973Odd Iversen91974Odd Iversen111975Odd Iversen91976Magnar Florholmen111977Steinar Nilsen og Kjell Øyasæther31979Viggo Sundmoen og Jørgen Sørli71980Viggo Sundmoen111981Odd Iversen91982Sverre Brandhaug91983Håvard Moen81984Sverre Brandhaug131985Gøran Sørloth121986Sverre Brandhaug71987Andre Nieuwlaat91988Sverre Brandhaug101989Jahn Ivar Jakobsen181990Jahn Ivar Jakobsen171991Karl Petter Løken121992Tore André Dahlum131993Gøran Sørloth71994Harald Martin Brattbakk171995Harald Martin Brattbakk261996Harald Martin Brattbakk281997Sigurd Rushfeldt251998Sigurd Rushfeldt271999Sigurd Rushfeldt152000Frode Johnsen92001Frode Johnsen172002Harald Martin Brattbakk172003Harald Martin Brattbakk172004Frode Johnsen192005Thorstein Helstad132006Steffen Iversen172007Steffen Iversen132008Steffen Iversen102009Rade Prica172010Steffen Iversen142011Rade Prica162012Rade Prica112013John Chibuike92014Alexander Søderlund132015Alexander Søderlund222016Christian Gytkjær19
Klubbprofilar mini|Med 16 seriegull og fem kongepokalar er Roar Strand den mestvinnande spelaren i norsk fotball Kåre Rønnes Jan Hansen Bent Skammelsrud Sverre Fornes Ola By Rise Erik Hoftun Eldar Hansen Sverre Brandhaug Roar Strand Nils Arne Eggen Knut Torbjørn Eggen Harald Martin Brattbakk Odd Iversen Gøran Sørloth Steffen Iversen Tor Røste Fossen Rune Bratseth Sigurd Rushfeldt Jan Christiansen Karl Petter Løken Fredrik Winsnes Harald Sunde Kåre Ingebrigtsen Erling Meirik Ørjan Berg Svein Grøndalen Jahn Ivar Jakobsen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Supporterklubben Kjernen Rosenborg Web Nyhende om RBK
Kategori:Rosenborg Ballklub Kategori:Fotballag i Trondheim Kategori:Fotballag skipa i 1917 Kategori:Vinnarar av Kniksenprisen Kategori:Noreg i Meisterligaen Kategori:1917 i Noreg Kategori:Eliteserien 2020