Renée Colliard () var ein sveitsisk skirennar og apotekar. Colliard, som var frå Genève, vart olympiameister i slalåm i 1956.
Colliard kvalifiserte seg til den sveitsiske OL-troppen 1956 med ein andreplass i eit renn i Grindelwald, kort før leikane tok til. I den olympiske tevlinga i Cortina d'Ampezzo overraska ho alle med å gå heilt til topps. Med startnummer 1 rann ho fortast av samtlege deltakarar i begge omgangane, og sikra seg gullmedaljen i slalåmtevlinga. Med tida 1.52,3 var ho heile 3,1 sekundar føre sølvvinnaren Regina Schöpf frå Austerrike.
I 1960 gifta Colliard seg og slo seg ned i Montana i kantonen Valais som apotekar.
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen bygger på «Renée Colliard» frå , den 17. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956