Modul i matematikk har fleire ulike tydingar:

Den absolutte verdien (talverdien) av eit komplekst tal vert ofte kalla modulen til talet. I læra om kongruensar i talteorien vert det heile talet som ein undersøker restane til for modulen til kongruensen. Når den naturlege logaritmen til eit tal er kjend, finn ein logaritmen til talet i eit system med grunntalet g ved å multiplisere med den faste faktoren eller modulen

Modul for briggske logaritmar, som har grunntalet 10, er m = 0,43429 ...

I nyare algebraisk terminologi er ein modul eit matematisk system som generaliserer omgrepet vektorrom, idet skalarområdet for ein modul er ein vilkårleg ring og ikkje ein kropp slik som for eit vektorrom.

Modul syner òg til ein konstant som opptrer i definisjonen av elliptiske funksjonar.

Kjelder modul. (2012-01-15) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/modul/matematikk

Kategori:Abstrakt algebra Kategori:Algebraiske strukturar Kategori:Modulteori Kategori:Matematiske strukturar