Savognin (lokal dialekt Suagnign, italiensk Savognino, tysk Schweiningen) er ein kommune i distriktet Albula i kantonenen Graubünden i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1207 meter over havet.
53% av innbyggarane har retoromansk som morsmål, 37% tysk. Tendensen er slik at tysk kjem til å ta over som morsmål innan ein generasjon.
Kommunen ligg i Surses kreis. Savognin ligg i eit breitt dalsøk kalla Sotgôt, som dannar den nedre delen av Sursesdalen (òg kalla Oberhalbstein).
Kommunen består av ein del av hovuddalen mellom fjella Piz Arblatsch (3203 moh, høgaste punktet i kommunen) i sørvest og Piz Mitgel (3159 moh) i nordaust. Nabokommunar er Cunter, Tiefencastel, Filisur, Tinizong-Rona, Mulegns, og Riom-Parsonz.
Fram til kring 1960 bestod kommunen av fem fråskilde landsbyar som var spreidd langs elva Julia. Dei fem landsbyane var Son Mitgel, Naloz, Sot Curt, Sur Curt og Sur Tocf.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Savognin» frå , den 10. januar 2012 og «Savognin» frå , den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Graubünden Kategori:Vintersportstader i Sveits