mini|Hermann Hesse i 1905 Hermann Karl Hesse, pseudonym Emil Sinclair () var ein tyskspråkleg lyrikar, prosaforfattar og hobbymålar. Dei mest kjende litterære verka hans er Steppeulven, Siddhartha, Peter Camenzind, Demian, Narsiss og Gullmunn, Under hjulet og Glassperlespillet. Tekstane hans handlar mykje om sjølvrealisering, sjølvakting, sjølvrefleksjon og det einskilde individet sin «transendens».

Hesse fekk Nobelprisen i litteratur for 1946, og blei i 1954 tildelt ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Liv Barne- og ungdomsår (1877–1895) Foreldreheim og skoletid Hermann Hesse var fødd i Calw i Baden-Württemberg. Foreldra hans, Marie Gundert (1842–1902) og Johannes Hesse (1847–1916), hadde vore misjonærar i India. Då Hermann Hesse blei fødd arbeidde faren for Calwer Verlagsverein, eit forlagshus som spesialiserte seg på teologiske tekstar og skolebøker. Hesse voks opp i ein beskyttande og intellektuell familieatmosfære, men han var ein viljesterk gut med kunstnarlege anlegg som ikkje treivst i det pietistiske oppvekstmiljøet. Medan han gjekk på eit evangelisk-teologisk seminar i MaulbronnHermann Hesse>Biografi . Stadt Calw, 2011 i 1892 rømte han frå skolen og blei henta inn att først dagen etter. Dette var starten på ei rad heftige konfliktar med foreldra og ei vandring mellom ulike anstaltar og skolar. I mai 1892 gjorde han eit forsøk på å skyte seg sjølv med revolver og blei send til enno ein anstalt. Seinare var han i ein psykiatrisk institusjon ved Stuttgart der han måtte arbeide med hagearbeid og hjelpe til ved undervisninga av psykisk utviklingshemma. Her kulminerte den pubertale trassen, einsemda og kjensla av å bli fornekta av ein uforståande familie. Han kjente seg forlaten av Gud, foreldra og verda, og bak dei stivbeinte pietistiske familietradisjonane såg han berre skinheilagdom.

Lærlingtid mini|Bokhandelen Heckenhauer i Tübingen – arbeidsplassen til Hesse i åra 1895–1899. Han var lærling i tre år og tilsett i eitt år. På slutten av 1892 tok Hermann Hesse til på gymnas i Stuttgart, men året etter avbraut han skolen og starta som bokhandlarlærling i Esslingen am Neckar. Denne læra avbraut han etter tre dagar og byrja våren 1984 på mekanikarlære i klokketårnsfabrikken Perrot i Calw der han var i 14 månader. Det monotone arbeidet med lodding og filing styrkte ønsket til Hesse om å vende tilbake til litteratur og åndsarbeid, så i oktober 1895 var han klar for å gå i gang med bokhandlarlære for alvor. Desse ungdomserfaringane gav han seinare eit litterært uttrykk i romanen Unterm Rad (1906).

Hesse arbeidde som lærling i bokhandlaren og antikvariatet Heckenhauer i Tübingen. Han brukte høvet til å lese teologiske skrifter og Goethe, seinare Lessing, Schiller og tekstar om gresk mytologi. Han byrja å lese Nietzsche i 1895,Freedman(1978) s. 69 og Nietzsche sine idear om menneska sine «to impulsar: lidenskap og orden»"dual...impulses of passion and order" finn ein att i dei fleste av Hesse sine romanar.Freedman(1978) s. 111

På veg til å bli forfattar Tübingen (1895–1899) Allereie som tiåring skreiv Hesse ein fabel: Die beiden Brüder, som blei publisert i 1951. I 1896 fekk han gjeve ut diktet Madonna i eit tidsskrift som kom ut i Wien.

Etter avslutta læretid i oktober 1898 blei Hesse tilsett hos Heckenhauer og tente no såpass at han ikkje var økonomisk avhengig av foreldra. På denne tida las han verk frå den tyske romantikken, framfor alt Novalis, Clemens Brentano, Joseph von Eichendorff og Ludwig Tieck. I brev til foreldra skreiv han at han var overtydd om at «for kunstnarar erstattar estetikken moralen.»„Die Moral wird für Künstler durch die Ästhetik ersetz“, jfr. Florian Roth om Nietzsche (pdf) Hesse gav ut det vesle diktverket Romantische Lieder allereie som bokhandlar hausten 1898, og prosasamlinga Eine Stunde hinter Mitternacht kom sommaren 1899. Ingen selde spesielt bra, av førstnemnde blei det på to år berre seld 54 eksemplar av eit opplag på 600. Forleggaren Eugen Diederichs frå Leipzig var likevel overtydd om dei litterære kvalitetane til verka og såg publiseringa meir som ei hjelpande hand til ein lovande forfattar enn som ei lønsam forretning.Albert von Schirnding: Literarische Landschaften Insel, Frankfurt 1998, kapitlet «Rückkehr nach Orplid. Erinnerungslandschaft Tübingen, fast unversehrt», om Hesse si tid i Tübingen.

Basel (1899–1904) Frå hausten 1899 arbeidde Hesse i bokhandelen R. Reich, eit velakta antikvariat i Basel. I Basel fekk han innpass i eit andeleg-kunstnarleg miljø som han fann svært stimulerande. Samstundes baud Basel på mange sjansar for den einslege ulven Hesse til å trekke seg tilbake og hauste private opplevingar gjennom utfartar og vandreturar. Han fekk gode høve til kunstnarleg sjølvgransking og til å øve opp evna til skriftleg formulering av tankane sine. I året 1900 kom boka Hermann Lauscher, til å begynne med under pseudonym. Same år slapp han unna militærteneste grunna dårleg syn. Syns-, nerveproblem og hovudsmerter sleit han med heile livet.

Hesse slutta i bokhandelen i januar 1901 og kunne følgje sin store draum om eit opphald i Italia. I august same år fekk han arbeid i antikvariatet Wattenwyl i Basel. Samstundes baud det seg fleire og fleire høve til å publisere dikt og korte prosatekster i ulike tidsskrift, og honorara voks seg etterkvart store nok til å bli ei monande ekstrainntekt. Forleggaren Samuel Fischer blei no oppmerksam på han og gav i 1904 ut det som blei Hesse sitt gjennombrot, romanen Peter Camenzind. Frå no av kunne han leve som frittståande forfattar.

Mellom Bodensjøen, India og Bern (1904–1914) mini|venstre|upright=0.50|Ein statue av Hermann Hesse i Gaienhofen. Bilethoggar Friedhelm Zilly mini|Huset i Gaienhofen mini|Skrivemaskina til Hermann Hesse I 1904 gifta Hesse seg med fotografen Maria «Mia» Bernoulli.ho kom frå den kjende matematikararfamilien, Gustav Emil Müller, Philosophy of Literature, Ayer Publishing, 1976. Saman fekk dei sønene Bruno (1905–1999, kunstmålar og grafikar), Hans Heinrich (1909–2003, dekoratør) og Martin (1911–1968, fotograf). Dei leigde først eit enkelt hus utan innlagd vatn eller elektrisk straum i det som den gongen var den avsidesliggande landsbyen Gaienhofen på halvøya Höri ved Bodensjøen. Etter tre år bygde dei seg eit meir moderne hus i same område. Hesse var mykje på reise, og Mia var ofte åleine med barna i eit stort hus med stor hage. Forholdet dei imellom surna, og i 1912 selde dei huset og flytta til Bern. Psykiske kriser hos begge førte til at dei budde frå kvarandre, og i 1923 tok dei ut skilsmål. Barna budde hos mora.

I Gaienhofen skreiv Hesse sin andre roman, Unterm Rad (1906), der erfaringane frå skoletida fekk ei litterær form. I 1907 slutta han seg til diktaren og naturprofeten Gustav Gräser som introduserte Hesse for austleg filosofi og andelegheit. Hesse tok inn i grotta til Gräser «in den Felsen» ved Ascona, og dette blei til Hesse sitt «heilage land». Monte Verità («Sanningsfjellet») var før og under den første verdskrigen ein samlingsstad for pasifistar, militærnektarar, emigrantar og flyktningar frå dei krigsførande statane. Herfrå finn ein røtene til Legenden aus der Thebais. Opplevingar som læresveinar fekk hos einebuarar i øydemarka blei eit motiv Hesse brukte fleire gonger i diktinga si, heilt fram til livsløpa i Das Glasperlenspiel (1943).

Etter at Hesse vendte attende til eit meir borgarleg liv skreiv han framfor alt noveller og dikt. Den neste romanen, Gertrud (1910), syner at Hesse var hamna i ei skaparkrise – han måtte kjempe hardt med dette verket og i sine seinare år heldt han det for å vere mislukka. Då problema i ekteskapet auka, ønskte han å komme vekk, og i 1911 reiste han med kunstmålaren Hans Sturzenegger på ei lang reise til Ceylon og Indonesia. Han fann rett nok ikkje den spirituelle og religiøse inspirasjonen han håpa på, men reisa påverka den seinare forfattarskapen sterkt, først med Aus Indien (1913). Då Hesse kom attende frå Asia flytta familien til Bern i 1912, utan at dette betra tilhøva mellom ektefellane. Hesse skildra desse krisene i romanen Roßhalde.

Første verdskrig (1914–1919) Då den første verdskrigen braut ut meldte Hesse seg som friviljug med den grunngjevinga at han ikkje kunne sitje gjerandslaus ved peisen medan andre unge forfattarar døydde ved fronten. Men han blei funne stridsudugleg og fekk i oppdrag å arbeide i velferdsstenesta for krigsfangar. Den 3. november 1914 publiserte han ein avisartikkel i Neue Zürcher Zeitung med tittelen O Freunde, nicht diese Töne der han appellerte til tyske intellektuelle om å ikkje falle for den nasjonalistiske polemikken, dempe stemma og hugse på den felleseuropeiske arven.Freedman(1978) s.166 Det som då skjedde omtala Hesse seinare som eit stort vendepunkt i livet: han blei ståande midt i ein heftig polemikk, den tyske pressa gjekk til åtak på han, han fekk stygge hatbrev, og gamle vener ville ikkje ha meir med han å gjere. Dei einaste som støtta han var Theodor Heuss, som blei den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland, og den franske forfattaren Romain Rolland som Hesse vitja i august 1915.

Striden med den tyske offentlegheita hadde ikkje heilt stilna før ei rad lagnadstunge hendingar kasta han ned i ei djupare livskrise: faren døydde 8. mars 1916, den tre år gamle sonen Martin fekk ein alvorleg hjernehinnebetennelse og ekteskapet med Maria Bernoulli gjekk i knas. Hesse måtte avbryte tenesta for krigsfangane og starte med psykoterapi.Weth: Hermann Hesse in der Schweiz, 2004, s. 24

Politisk og andeleg isolert fann han no attende til sin gamle ven og guru Gustav Gräser. Gräser hadde nekta krigsteneste og kom med naud og neppe frå det utan å bli skoten. Hos Gräser og kona Elisabeth opplevde Hesse den store snuoperasjonen i livet sitt. Han som opphavleg hadde meldt seg som friviljug til krigsteneste blei no ein ihuga krigsmotstandar og talsmann for militærnekting. Saman med Gräser hadde han kjensla av å vere oppteken i eit forbund av «utvalde» som steig opp på Monte Verità. Den intensive kontakten med Gräser omhandla Hesse i diktinga si: i løpet av tre intensive arbeidsveker i september/oktober 1917 skreiv Hesse romanen Demian (1919), ein litterær bauta over venen. Etter at krigen var slutt gav han ut boka under pseudonymet Emil Sinclair «for ikkje å skremme vekk ungdomen på grunn av det kjente namnet til ein gamal onkel.»„um die Jugend nicht durch den bekannten Namen eines alten Onkels abzuschrecken“

Nye heimar i Ticino (1919–1962) Casa Camuzzi (1919–1931) mini|venstre|Hermann Hesse (1925) mini|Hermann Hesse i Rüschlikon april 1926Pfäfflin, Friedrich o. a.: Hermann Hesse 1877–1977. Stationen seines Lebens, des Werkes und seiner Wirkung. Katalog til minneutstillinga Hesse 100-år fødselsdag i 1977, Marbach a.N. 1977, s. 97: i denne dokumentasjonen står det at fotoet er tatt i april 1926.

mini|Casa Camuzzi, blyantteikning av Gunter Böhmer. mini|Casa Camuzzi i Montagnola frå søraust med Hesse sin bustad og balkongen til «målaren Klingsor» frå forteljinga Klingsors letzter Sommer Då Hesse kunne vende attende til det sivile livet i 1919 var ekteskapet over. Kona Mia hadde fått ein tung psykose, men sjølv etter at ho var frisk att såg Hesse det som umogleg å tenkje seg eit samliv med ho. Familien blei oppløyst, og prega av erfaringa og med ei kjensle av å ha svikta familien, gav Hesse hendingane ei litterær form i forteljinga Klein und Wagner.

I midten av april 1919 flytta Hesse åleine til kantonen Ticino. Etter nokre korte opphald ulike stader i området slo han seg ned i Casa Camuzzi i landsbyen Montagnola høgt over Lugano. Den nye livssitauasjonen og den vakre omgjevnaden inspirerte Hesse ikkje berre til fornya skriveinnsats, men òg til teikning og akvarellmåling, noko som gav seg tydeleg uttrykk i den neste forteljinga hans, Klingsors letzter Sommer frå 1920.