Arne Ellingsen () var ein norsk skihoppar som var medlem av Nordre Sande Idrettslag.

Under noregsmeisterskapen i Trondheim i 1953 vart Ellingsen utropt til vinnar. Etter finrekning hamna han på andreplass, 0,1 poeng bak Arnfinn Bergmann som vart kåra til noregsmeister. Han deltok i 1953/54 i den tysk-austerrikske hoppveka. Her vart han nummer seks samanlagt, etter som best to fjerdeplassar i enkeltrenna.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1951: Nr 9 i Holmenkollen (mest berre nasjonale deltakarar) 1952: Nr 10 i Holmenkollen (mest berre nasjonale deltakarar) 1953: Nr 5 i Holmenkollen 1953/54: Nr 4 i Bischofshofen og Innsbruck

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1952: Nr 4 i Porsgrunn 1953: Sølvmedalje i Trondheim 1954: Nr 6 på Kongsvinger

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske skihopparar