Anjou er eit tidlegare fylke (kring 880), eit hertugdøme (1360), og ein provins sentrert rundt byen Angers i den nedre Loire-dalen i det vestlege Frankrike. Det tilsvarar stort sett dagens departement Maine-et-Loire.
Historie Gallarar, romarar og frankarar Det politiske opphavet til staden kan trekkjast tilbake til det galliske samfunnet Andes i antikken som etter erobringa til Julius Cæsar vart organisert som det romerske civitas Andecavi. Dette vart verna i ettertid som eit administrativ distrikt under frankarane med namna pagus, deretter comitatus av Anjou. Dette grevskapet, storleiken synest ha vore tilsvarande med bispedømet Angers, bestod av mesteparten av dagens departement Maine-et-Loire, men omfamna meir nordover, Craon, Candé, Bazouges (Château-Gontier), Le Lude, og i aust Château-la-Vallière og Bourgueil, medan det i sør ikkje inkluderte dagens by Montreuil-Bellay, og heller ikkje Vihiers, Cholet, Beaupréau, og ikkje distrikta vest for Ironne og Thouet på vestsida av Loire som danna territoriet Mauges. Det grensa mot nord til grevskapet Maine, i aust til Touraine, og i sør til Poitiers og Mauges, og i vest til grevskapet Nantes.
Frå byrjinga av regimet til kong Karl den skalla vart Anjous alvorleg truga av ein trussel frå to kantar, frå Bretagne og frå Normandie. Lambert, ein tidlegare greve av Nantes, hadde, etter å ha herja Anjou saman med hertug Nominoé av Bretagne, ved slutten av 851 med hell okkupert heile den vestlege delen til Mayenne. Fyrstedømet som han danna for seg sjølv vart då han døydde erobra av hertug Erispoé av Bretagne. Frå denne vart det overlevert til etterfølgjarane hans og vart såleis verande i familien til byrjinga av 900-talet.
Hele denne tida hadde vikingar drive med plyndring av landet og det var trong for ein modig mann til å forsvare det, og i 861 gav Karl den skalla tillita til Robert den sterke, men han døydde i 866 i eit slag mot nordbuarar ved Brissarthe. abbeden Hugo etterfølgde han i grevskapet Anjou som i dei fleste andre pliktar, og då han døydde same år vart det vidareført til Odo, den eldste sonen til Robert den sterke, men då han overtok den franske trona i 888 vart tittelen og pliktene truleg gjeve vidare til bror hans, Robert. Det var uansett i dei siste åra av 800-talet at makta i Anjou, som andre stader, vart delegert til ein vicomte Fulko den raude (nemnt som vicomte etter 898), sonen til ein viss Ingelgerius.
Fulkoane I den andre fjerdedelen av 900-talet hadde Fulko den raude teke tittelen greve, noko hans etterkommarane hans heldt i tre hundreår. Han vart etterfylgt først av sonen sin Fulko den gode (941 eller 942–ca. 960), og deretter av sonen hans, Godtfred Grisegonelle (Gråtrøye) (ca. 960–21. juli 987), som gjekk inn for å erobre tilbake dei gamle områda til Anjou frå naboane. Såleis vart vestlege Anjou teke tilbake frå Bretagne og i aust var alle distrikta til Saumur allereie på den tida teke av grevane av Blois og Tours.
Godtfred Grisegonelle lukkast å gjere greven av Nantes til sin vasall, og få i frå hertugen av Aquitaine konsesjon i len distriktet Loudun. I krigane til kong Lothar mot normannarane og mot keisar Otto II av Det tysk-romerske rike, utmerkt han seg sjølv med ei rekkje våpenskjold som dei episke poetane var raske til å feire.
Sonen hans Fulko Nerra (21. juli 987–21. juni 1040) hamna i strid med grevane Odo I av Blois og Conan I av Rennes. Sistnemnde hadde erobra Nantes som greven av Anjou meinte dei var overherre over. Fulko Nerra drog og kringsette det, og sigra over armeen til Conan i slaget ved Conquereuil den 27. juni 992 og reetablerte Nantes under overherredømmet sitt. Deretter vende han merksemda mot greven av Blois. Han etablerte ei festning ved Langeais, ikkje langt frå Tours, og takka vere innblanding frå kong Hugo Capet, klarte ikkje Odo å fjerne han.
Då Odo døydde tok Fulko byen Tours i 996, men kong Robert den fromme vende seg mot han og tok byen sjølv året etter. I 1016 kom det til ei ny strid mellom Fulko og Odo II, den nye greven av Blois, men han leid nederlag ved Pontlevoy den 6. juli 1016, og nokre få år seinare då Odo kringsette Montboyau tok Fulko overraskande Saumur i 1026.
Den sigeren som Godtfred Martel (21. juni 1040–14. november 1060), son og etterfølgjar til Fulko, fekk over Teobald III, greve av Blois, ved Nouy den 21. august 1044 sikra angevinane grevskapet Touraine. På denne same tida, fortsette han verksemda til faren sin (som i 1025 hadde tatt Herbert I av Maine til fange og berre sette han fri på vilkår om at han vart vasallen hans), makta Godtfred å redusere grevskapet Maine til at det vart heilt avhengig av han. I løpet av tida til fara hans hadde han vorte oversigra av Gervais de Château-du-Loir, biskop av Le Mans (1038), men seinare, i 1047 eller 1048, makta han å ta sistnemnde til fange, noko som fekk pave Leo IX til å lyse han i bann ved kyrkjerådet i Reims i oktober 1049. Trass i dette og dei samstemde åtaka frå Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, og Henrik I av Frankrike, var han i stand til tvinge Maine i 1051 til å respektere autoriteten hans, men mislukkast å ta hemn over Vilhelm av Normandie.
Etter at Godtfred Martel døydde i 1060 vart det strid om etterfølgjaren. Martel hadde ingen born, men lova grevskapet til den eldste nevøen sin, Godtfred den skjeggete, son av Godtfred av Gâtinais, og Ermengarde, dotter av Fulko Nerra. Fulko le Réchin (moglegvis «Skjelaugde»), bror av Godtfred, var først nøgd med å få Saintonge og festninga i Vihiers. Men då Saintonge vart erobra i 1062 av hertugen av Aquitaine tok han sjølv fordel av den generell misnøya med broren sin manglande dugleik og gjorde seg sjølv til herre over Saumur og Angers 1067 og fekk kasta Godtfred i fengsel. Press frå paven førte til at Godtfred vart lauslate og gjeninnsett, men i eit slag i nærleiken av Brissac i året etter vart Godtfred slått og atter fengsla, no i festninga i Chinon. For å få heva på at han var greve måtte Fulko IV Réchin føre ein lang kamp med baronane sine, å avstå Gâtinais til kong Filip I av Frankrike, og å underkaste Touraine for greven av Blois. På den andre side hadde han suksess i å fortsetje politikken til Godtfred Martel i Maine: etter å ha øydelagt La Flèche, fått fred med Blanchelande i 1081, fekk han Robert Curthose, son av Vilhelm Bastarden, til gje han hyllest for Maine. Seinare fekk han Elias av La Flèche, vendt mot Vilhelm Rufus, konge av England, og ved heideren av Elias som greve av Maine i 1100, fekk han arrangert for sonen sin med Bertrade de Montfort, Fulko V den ungen, eit ekteskap med dotter og einearving til Elias.
Fulko V den unge (14. april 1109–1129) etterfølgde som greve i Maine då Elias døydde den 11. juli 1110, men denne utvidinga av Angevin-riket kom i direkte konflikt med interessene til England sidan Henrik I av England òg var hertug av Normandie etter å ha nedkjempa broren sin Robert Curthose. Ein krig mellom dei to maktene var uunngåeleg. I 1112 braut han ut, og Fulko kunne ikkje hindre at Henrik I tok Alençon og fengsla Robert de Bellême, og Fulko vart tvinga til bøye av og gje si hyllest for Maine til kongen av England i traktaten ved Pierre Pecoulée den 23. februar 1113. Som hemn for dette nedkjempa han armeen til Henrik ved Alençon i 1118 og i mai året etter var det Henrik som kravde fred, og ei fredsavtale vart sikra ved å gifte den eldste sonen sin og arving William Adelin til Fulkos dotter Matilda. Då William Adelin kort tid etter drukna i skipsulukka med «Det kvite skipet» i 1120 gjekk alliansen i oppløysing, men då Fulko kom tilbake frå pilegrimsreise i Det heilage landet (1120-1121) fekk han den andre dottera si Sibyl gifta med William Clito, son av Robert Curthose, som kunne gjere krav på hertugdømet Normandie og teoretisk òg på kongedømet England. Sibyl fekk Maine som medgift. Henrik fekk dette ekteskapet annullert ved å hevde at partane var i nær slekt. I 1127 kom ein ny allianse i gang då Henrik trulova dottera si Matilda eller Maud, enke etter Henrik V av Det tysk-romerske riket, til den unge sonen til Fulko Godtfred den smukke. Bryllaupet vart feira den 2. juni 1129 i Le Mans, og kort tid etter, på invitasjon frå Baudouin II av Jerusalem, drog han til Jerusalem for å gifte seg med Melisende, dotter til Baudouin og arving, og såleis overta trona til kongedømet Jerusalem den 14. september 1131. Den eldste sonen hans Godtfred den smukke, eller «Plantagenet» som han etter kvart vart kalla, etterfølgde han som greve av Anjou (1129–7. september 1151).
Plantagenetane Frå den første Godtfred Plantagenet freista å profittere ved dette ekteskapet og etter at Henrik I døydde i 1135 la det grunnlaget for ei erobring av Normandie ved ei rekkje hærtokt. I byrjinga av 1136 gjekk han inn i landet og vart saman att med hustrua si, keisarinne Maud som hadde motteke underkasting av Argentan, Domfront og Exmes. Etter å ha vorte kalla tilbake til Anjou ved eit opprør frå ein av baronane sine tok han igjen styringa same år over ein sterk hær. Blant folka hans var Guillaume X av Poitiers, hertug av Aquitaine; grev Godtfred av Vendôme; og Guillaume I av Ponthieu. Etter ei rekkje suksessar vart han sjølv såra i foten under kringsetjinga av Le Sep og måtte trekkje seg tilbake.
I mai 1137 byrja eit nytt felttog der han øydela distriktet Hiémois (rundt Exmes) og brann Bazoches. I juni 1138, med støtte frå Robert, 1. jarl av Gloucester, fekk Godtfred underkastinga til Bayeux og Caen. I oktober herja han nabolaget til Falaise, og endeleg i mars 1141 då han høyrde om suksessen til hustrua si i borgarkrigen i England gjekk han igjen inn i Normandie og tok heile landet i triumf. By etter by overgav seg: i 1141 Verneuil, Nonancourt, Lisieux, og Falaise; i 1142 Mortain, Saint-Hilaire, og Pontorson; i 1143 Avranches, Saint-Lô, Cérences, Coutances, og Cherbourg; i byrjinga av 1144 gjekk han inn i Rouen og den 19. januar mottok han hertugkrona i katedralen til byen. Til slutt i 1149 etter å ha knust eit siste forsøk på opprør overrekte han hertugdømmet til sonen sin Henrik Curtmantle som mottok investitur (innsetningsretten) frå handa til den franske kongen.
Medan Fulko den unge og Godtfred Plantagenet dreiv på med å utvide grevskapet Anjou neglisjerte dei ikkje å styrkja autoriteten deira heime då baronane var opprørske. I samsvar med Fulko den unge finst berre nokre få isolerte faktum og datoar: omtrent 1109 vart Doué og L'Île Bouchard teke; i 1112 vart Brissac kringsett, og på omtrent same tid Eschivard av Preuilly underkasta; i 1114 var det ein generell krig mot opprørske baronar, og i 1118 eit nytt opprør som vart slått ned ved kringsetjinga av Montbazon: i 1123 gjorde herren av Doué opprør og i 1124 vart Montreuil-Bellay teke etter ei kringsetjing som varte i ni veker. Godtfred Plantagenet med den utrøyttelege energien sin undertrykte ein allianse av vasallane hans, den største trusselen kom i 1129. Blant dei som gjorde opprør var Guy IV av Laval, Giraud I av Montreuil-Bellay, vicomte av Thouars, herrane av Mirebeau, Amboise, Partbenay og Sablé. Godtfred vann over dei den eine etter den andre, tok Thouars og okkuperte Mirebeau.
Ytterlegare eit opprør vart knust i 1134 ved øydelegginga av Cand og i å erobre L'Île Bouchard. Medan han var i Normandie plasserte Robert III av Sablé seg sjølv i leiinga for opprørsrøsla. Godtfred reagerte med å øydeleggje Briollay og okkupere La Suze til Robert III av Sablé vart tvinga til audmjukande å be om forlating via biskopen av Angers. I 1139 tok Godtfred Mirebeau og i 1142 Champtoceaux, men i 1145 braut eit nytt opprør ut, og denne gongen under leiing av Elias, hans eigen bror, som med støtte frå Robert III av Sablé, kravde grevskapet Maine. Godtfred tok broren sin til fange, tvinga Robert III til å trekkje seg tilbake, og reduserte dei andre baronane. I 1147 øydela han Doue og Blaison, og i 1150 kom eit opprør av Giraud av Montreuil-Bellay: for eit år kringsette han staden inntil det overgav seg og tok Giraud til fange og slapp han berre fri etter at kongen av Frankrike bad om det.