«See See Rider», òg kjend som «C.C. Rider» eller «See See Rider Blues» eller «Easy Rider», er ein populær amerikansk 12-taktsblues.Somme versjonar er i ein utvida 16-taktsblues. Elijah Wald (2005). Escaping the Delta: Robert Johnson and the Invention of the Blues, Amistad. ISBN 0060524235 on Google group rec.music.country.old-time Han vart først spelt inn av Gertrude «Ma» Rainey i 1924, og har sidan den gong vorte spelt inn av mange andre artistar.
Songen nyttar hovudsakleg ein tradisjonell bluestekst som fortel soga om ein utru kjæraste, kalla easy rider. «See See rider, see what you have done» er eit ordspel på ordet «see» og lyden av «easy».
Forskjellige versjonar
Songen vert rekna som ein tradisjonell song, men vart ein populær bluessong med godt over 100 forskjellige versjonar. Han vart spelt inn av mellom andre Big Bill Broonzy, Mississippi John Hurt, Lead Belly, Lightnin' Hopkins, Peggy Lee og mange andre. Broonzy hevdar at han lærte å spele blues frå ein omvandrande songar kalla «See See Rider», så han var kring 9 eller 10 år gammal, kring 1908.Roger House, Blue Smoke: The Recorded Journey of Big Bill Broonzy, s.19
I 1943 gjekk ein versjon av Wee Bea Booze til topps på Billboard «Harlem Hit Parade», ein forgjengar for rhythm and blues-lista. Somme blueskritikarar reknar denne som den definitive versjonen av songen.[ Wee Bea Booze Biography]
Ein doo-wop-versjon vart spelt inn av Sonny Til og The Orioles i 1952. Seinare vart meir rocka versjonar spelt inn av Chuck Willis (som «C.C. Rider», nådde òg førsteplassen på R&B-lista, samt 12. plass på poplista, i 1957) og LaVern Baker (9. plass på R&B-lista og 34. plass på poplista i 1963). Willis-versjonen gav opphavet til dansen «The Stroll».
Andre populære versjonar vart spelte inn av Mitch Ryder & the Detroit Wheels (som ein del av ein medley kalla «Jenny Take a Ride!», 10. plass på poplista i USA i 1965) og The Animals (10. plass på poplista i 1966). Den tunge The Animals-versjonen nådde førsteplassen i Canada og 8. plass i Australia. Det var den siste singelen til bandet før dei vart oppløyst i september 1966. Songen vart arrangert av bandmedlem Dave Rowberry. Label shot of Animals single
Andre utgåver vart spelte inn av Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, Ray Charles, Chuck Berry, Gary Lewis and the Playboys, The Who, The Everly Brothers, Charlie Rich, Janis Joplin, The Grateful Dead, Leon Thomas, Snooks Eaglin, John Fahey, Old Crow Medicine Show og mange fleire. I seinare år pleidde Presley å opne konsertane sine med denne songen,Elvis Presley in Concert som på On Stage og Aloha from Hawaii. Bruce Springsteen and the E Street Band spelte i lang tid «C.C. Rider» på konsertane sine, noko ein kan høyre på konsertalbumet No Nukes.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «See See Rider» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Song on Youtube.com The sheet music
Kategori:Songar frå 1924 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Lead Belly-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:LaVern Baker-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Gary Lewis & the Playboys-songar Kategori:The Who-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Charlie Rich-songar Kategori:Janis Joplin-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Old Crow Medicine Show-songar Kategori:Bruce Springsteen-songar Kategori:Hokumbluessongar Kategori:Rhythm and blues-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Mississippi John Hurt-songar Kategori:The Youngbloods-songar Kategori:Little Willie Littlefield-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar