Norsk Tidend er ei avis som vert utgjeven av Noregs Mållag. Ho har hovudkontor saman med mållaget i Oslo. Avisa er eit framhald av avisene Fedraheimen og Den 17de Mai. Norsk Tidend starta opp som dagsavis i 1935, same året som Den 17de Mai vart lagd ned. Etter kvart vart avisa ei medlemsavis for Noregs Mållag, og ho kjem ut fem gonger i året. Alle medlemane i Noregs Mållag og Norsk Målungdom mottek avisa. Opplaget er om lag 15 000.
Redaktør for Norsk Tidend er Vemund Norekvål Knudsen (frå august 2022).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Medlemsavisa Norsk Tidend ved nm.no
Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Norske riksdekkjande aviser Kategori:Målrørsla Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1935 Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:1935 i Noreg