Songs from the West Coast er det 27. studioalbumet av den britiske songaren Elton John og kom ut 1. oktober 2001. Mange kritikarar meinte at John med dette albumet gjekk attende til dei pianobaserte røtene sine. Han samarbeidde igjen med ein av dei faste tekstforfattarane sine, Bernie Taupin. Trommeslagar Nigel Olsson var òg attende i bandet. Ingen av singlane frå albumet gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA, som gjorde at 2001 vart det første året for John på 31 år utan ein song på Billboard Hot 100 (30 med minst ein song inne på Topp 40). George Strait tangerte denne rekorden på countrylista i 2011.
Stevie Wonder, som tidlegare hadde arbeidd med Elton John på songane «I Guess That's Why They Call It the Blues» og «That's What Friends Are For», spelte munnspel og clavinet på «Dark Diamond».Patrick Leonard produserte albumet og spelte òg klaverinstrument på fleire songar. Rufus Wainwright syng korvokal på songen «American Triangle», som handlar om Matthew Shepard, ein homofil student som vart brutalt drepen i 1998.
Songs from the West Coast fekk god kritikk av kritikarane. Stephen Thomas Erlewine i Allmusic meinte at John hadde laga eit album som høyrdest ut som dei klassiske albuma hans frå byrjinga av 1970-åra.
Innhald
Medverkande Rusty Anderson: Gitarar, elektrisk gitar, bozouki Gary Barlow: Korvokal Jay Bellerose: Perkusjon Paul Buckmaster: Horn- og strykearrangement, dirigent Paul Bushnell: Bass, korvokal Matt Chamberlain: Trommer, perkusjon David Channing: Akustisk gitar, dobro Bruce Gaitsch: Akustisk gitar Elton John: Piano, harmonium, vokal Davey Johnstone: Akustisk og elektrisk gitarar, mandolin, korvokal Kudisan Kai: Korvokal Patrick Leonard: Hammond B-3 orgel, mellotron, klaverinstrument Nigel Olsson: Trommer, korvokal Billy Preston: Elektrisk orgel og Hammond B-3 orgel Tata Vega: Korvokal Rufus Wainwright: Harmonivokal Stevie Wonder: Clavinet, munnspel
Salslister
Vekeslister Liste (2001)PlasseringDen austerrikske albumlista15Den kanadiske albumlista9Den danske albumlista10Den nederlandske albumlista13Den franske albumlista19Den tyske albumlista14Den ungarske albumlista33Den italienske albumlista3Den japanske albumlista68Den newzealandske albumlista24Norske VG-lista2Den polske albumlista18Den spanske albumlista 21Den svenske albumlista8Den sveitsiske albumlista7UK Albums Chart2US Billboard 20015Liste (2002)PlasseringDen australske albumlista7Den finske albumlista22
Årslister Liste (2001)PlasseringUK Albums Chart34Den italienske albumlista80
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Songs from the West Coast» frå , den 10. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 2001 Kategori:Album produserte av Patrick Leonard Kategori:The Rocket Record Company-album