«Something About the Way You Look Tonight» er ein song av Elton John, som kom ut i 1997 som den første singelen frå The Big Picture. Songen og videoen var til minne om Gianni Versace, som vart myrda same året.
Singelen vart gjeven ut som ei dobbel A-side med «Candle in the Wind 1997». Denne doble A-sida er ein av færre enn 30 singlar gjennom tidene som har seld minst 10 millionar eksemplar i verda.
Videoen for songen inneheld skodespelarar frå den britiske TV-serien This Life, samt supermodellane Kate Moss og Sophie Dahl.
Berre i Storbritannia selde singelen like opp under 5 millionar eksemplar (8x platinaplate), og er den bestseljande singelen i Storbritannia nokon gong. Han låg fem veker på førsteplassen. I USA vart songen rekna som ei dobbel A-side med «Candle in the Wind 1997» og låg 14 veker på førsteplassen på Billboard Hot 100. I Noreg gjekk den doble A-sida rett inn på førsteplassen og vart liggande der i totalt seks veker. På Topp 20 låg singelen i 22 veker.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Something About the Way You Look Tonight» frå , den 10. desember 2011.
Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Frankrike Kategori:Songar på toppen av Sverigetopplistan Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar produserte av Chris Thomas Kategori:Musikkvideoar regisserte av Tim Royes Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar