Marta Schumann, fødd Marta Myklebust, () var ein norsk forfattar. Ho debuterte med romanen Korset under Skuggefjellet som femtiåring i 1969.

Debutromanen var fyrste del av ein historisk romantriologi der Jomfru Maria på Sæbostad og Femja utgjorde dei to andre delane.

Før ho vart forfattar arbeidde ho i mange år i Televerket.

Prisar og utmerkingar 1970 – Sunnmørsprisen 1981 – Gyldendals legat 1983 – Kulturprisen for Møre og Romsdal

Bøker 1992 – Sky fuglar 1989 – Utbrot 1989 – Tynn hinne 1983 – Våge å tenkje 1980 – Fotfolk 1977 – Kristi sine søner 1973 – Femja 1971 – Jomfru Maria på Sæbostad 1969 – Korset under Skuggefjellet

Referansar

Bakgrunnsstoff Øystein Rottem: «Marta Schumann» i Norsk Biografisk Leksikon Marta Schumann på Sambok Digitaliserte bøker av Marta Schumann hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Norddal Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat