Ildri Eidem Løvaas () var ein norsk lokalpolitikar for Høgre. Ho var ordførar i Oppegård kommune frå 2009 til 2015.

Eidem Løvaas var medlem av kommunestyret i Oppegård frå 2003, og var varaordførar og medlem av formannskapet frå 2007. Ho tok over som ordførar då Sylvi Graham vart vald inn på Stortinget i september 2009, og vart vald for fire nye år etter kommunevalet i 2011.

Løvaas arbeidde i Norges Blindeforbund frå 1989 til 2009.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ildri Eidem Løvaas» frå , den 23. november 2011.

Kategori:Ordførarar i Oppegård Kategori:Høgreordførarar i Akershus Kategori:Folk frå Oppegård