mini|Jan Guillou Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou () er ein svensk journalist og forfattar fødd i Södertälje i Stockholms Län. Utanfor heimlandet er Jan Guillou mest kjend for bokserien om den svenske agenten Carl Hamilton, som er filmatisert og vist mellom anna på norsk TV. I tillegg til den har den historiske romanserien om krossfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket vore på bestseljarlistene i fleire land.

Guillou kom først i søkelyset som journalist i 1973, då han - saman med kollegaen Peter Bratt - avslørte eksistensen av det svenske Informationbyrån (IB), og deira omfattande overvaking av venstreradikale svenskar gjennom etterkrigstida, kjend som IB-affären. For si rolle i avsløringa vart Guillou dømd til fengsel for spionasje.

På slutten av 1990-talet tufta Guillou det frittståande bokforlaget Piratförlaget saman med Sigge Sigfridsson, Liza Marklund og kona Ann-Marie Skarp. Forlaget har no òg fått eit norsk systerforlag, som Guillou publiserer bøkene sine på; Piratforlaget.

Guillou skriv regelmessig for det svenske Aftonbladet, og er ein annerkjend deltakar i samfunnsdebatten. Han har opp gjennom åra stått fram med mykje krass kritikk av samfunns- og medieutviklinga i Sverige, og på det viset heile Vesten.

Verkliste Bøker omsette til norsk bokmål Soga om Arn Magnusson: 1998 Veien til Jerusalem 1999 Tempelridderen 2000 Riket ved veiens ende 2001 Arven etter Arn

2002 I Arns fotspor (faktabok med føreord av Jan Guillou)

Bøker om Hamilton: 1986 Coq Rouge - Rød Hane 1987 Den demokratiske terroristen 1988 I nasjonens interesse 1990 Fiendens fiende 1991 Den aktverdige morderen 1992 Vendetta 1993 Ingenmannsland 1994 Siste seier 1995 I Hennes Majestets tjeneste 1996 Hevet over enhver mistanke 1997 Hamlon 2006 Madame Terror 2008 Men ikke hvis det gjelder din datter

Andre bøker: 1993 Ondskapen 2002 Heksenes forsvarere 2005 Tyvenes marked 2007 Den Indre Fiende

På svensk: 1974 Det stora avslöjandet 1982 Berättelser från Det nya riket 1990 Gudernas Berg

Guillou, Jan Guillou, Jan