Teodor Leszetycki, sjølv germaniserte han namnet til Theodor Leschetizky, () var ein polsk-austerriksk pianist og musikkpedagog. Leschetizky studerte mellom anna hos Carl Czerny i Wien og var ved sida av Franz Liszt den fremste klaverlæraren på 1800-talet.
I 1854 reiste han til St. Petersburg og grunnla i 1862 der konservatoriet i byen saman med Anton Rubinstein. Saman med Nikolaj Rubinstein blir Leszetycki rekna som grunnleggar av den såkalla russiske klaverskolen.
Kjende elevar av Leszetycki var Ignaz Friedman, Ignacy Paderewski, Franz Schmidt, Arthur Schnabel og Vasilij Safonov. Leszetycki hadde ein romantisk spelestil som er dokumentert på eit par pianorullar.
Kjelder Denne artikkelen er basert på «Teodor Leszetycki» frå «Theodor Leschetizky» frå begge frå den 21. november 2011.
Bakgrunnsstoff Leszetycki på Leschetizky Verein
Kategori:Polske pianistar Kategori:Folk frå vojvodskapen Podkarpackie