John Keble () var ein engelsk prest og forfattar av andelege dikt. Preika National Apostasy som han heldt i 1833 blir rekna på starten på Oxfordrørsla, der han var ein av dei leiande figurane.
Keble studerte i Oxford og fekk seinare stilling som Fellow ved Oriel College, University of Oxford. I 1816 blei han vigd til prest og i perioden 1831–1841 var han Oxford Professor of Poetry. Grunnlaget for tilsettinga var i hovudsak basert på diktsamlinga The Christian Year (1827, 'Det kristne året') som gjorde Keble vidkjend. Boka, som inneheld eit dikt for kvar søn- og heilagdag i kyrkjeåret, var ein av dei store klassikarane på 1800-talet og kom i meir enn hundre opplag. I 1836 blei Keble sokneprest i Hursley i Winchester, der han var livet ut.
John Keble døydde under eit rekonvalesensopphald i Bournemouth. Han hadde lenge vore sjuk og trudde at sjølufta hadde terapeutisk verknad på han. Han er gravlagd i All Saints kyrkjegard i Hursley.
Eksempel på dikta hans er «New Every Morning Is Thy Love» ('Ny kvar morgon er kjærleiken din') og «Sun of My Soul» ('Sola til mi sjel').
Keble College i Oxford er oppkalla etter han.
Verk miniatyr|John Keble Christian Year 1827 Lyra Apostolica 1836 Lyra Innocentium 1846 Letters of Spiritual Counsel and Guidance 1870
Litteratur Richard Hooker sine verk (Richard Hooker's works) – 1836 Biskop Wilson sitt liv (A life of Bishop Wilson) – 1863 Oxford psalteret (The Oxford Psalter) (1839) Lyra Innocentium: Tankar i barnvers (Lyra Innocentium: Thoughts in Verse on Children) – 1846
Bakgrunnsstoff
John Kebles preike National Apostasy eTexts av Keble sin The Christian Year på Project Gutenberg Verk av Keble online på Project Canterbury
Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelsk litteratur Kategori:Britiske prestar Kategori:Britiske professorar Kategori:Folk frå Gloucestershire