Helge Holden () er ein norsk matematikkprofessor og har særleg arbeidt med ikkje-lineære partielle differensiallikningar og matematisk fysikk.

Holden vart dr. philos. i 1985 på ei avhandling om kvantemekanikkHelge Holden Point interactions and the short-range expansion: a solvable model in quantum mechanics and its approximation dr.philos-avhandling 1985 og vart tilsett på NTH året etter. Han vart utnemnd til professor ved NTNU i 1991. Han har hatt forskningsopphold ved New York University og Caltech. Han har vore leiar for fleire programstyrer i Noregs forskningsråd. Han har vore visepresident i European Mathematical Society og tidlegare president i European Consortium for Mathematics in Industry.

Han har vore med i redaksjonsrådet for Journal of Nonlinear Mathematical Physics,Journal of Nonlinear Mathematical Physics: Editorial board, redaksjonskomitéen til det eldste forskningstidskriftet i Noreg, Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs SkrifterDet Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skriftar og redaksjonsrådet i International Journal of Differential Equations.sin/ijde/editors/ International Journal of Differential Equations: Editorial board

Holden var styremedlem i styret i NTNU frå 2009 til 2013 og styreleiar for Abelfondet frå 2010 til 2014.abelprisen.no Abelfondet: Aktivitetsprofil Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

I 2022 vart han tildelt Gunnerusmedaljen, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) sitt høgste heidersteikn.

Han var innvald som generalsekretær i The International Mathematical Union (IMU) for perioden 2019–2022.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Helge Holden» frå , den 15. november 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

ntnu.no Biografi Heimeside

Kategori:Norske matematikarar Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet