Deep Purple er eit hardrockband som vart danna i 1968 i Hertford i England i Storbritannia.Shades of Deep Purple album sleeve notes s. 4–5. Gruppa har ved sida av Black Sabbath og Led Zeppelin vorte rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal, sjølv om somme bandmedlemmar hevdar at ein ikkje kan kategorisere musikken deira til ein enkelt sjanger.Jeb Wright The Naked Truth: An Exclusive Interview with Deep Purple’s Ian Gillan Classic Rock RevistedWasler, Robert (1993). Running with the Devil: power, gender, and madness in heavy metal p.10. Wesleyan University Press, 1993Michael Campbell, James Brody (2008) ROCK AND ROLL: AN INTRODUCTION, s.213Deep Purple Bio by Jason Ankeny & Greg Prato of Allmusic VH1 Dei var ein gong oppført i Guinness Rekordbok som «det mest høglydte bandet i verda» og har seld over 100 millionar album på verdsbasis,Artist Profile – Deep Purple EMI., inkludert 7,5 millionar album i USA.

Deep Purple vart rangert på 22. plass på lista til VH1 over dei største hardrock-artistane gjennom tidene.The Greatest: 100 Greatest Artists of Hardrock (40–21) at VH1.com.

Bandet har gått gjennom mange endringar og ein åtte år lang pause (1976–84). Besetningane frå 1968 til 1976 vert ofte kalla Mark I, II, III og IV.Deep Purple reviews.Deep Purple Mark I & Mark II. Den andre og mest suksessrike besetninga var med Ian Gillan (vokal), Roger Glover (bass), Jon Lord (tangentinstrument), Ian Paice (trommer) og Ritchie Blackmore (gitar). Denne besetninga var aktiv frå 1969 til 1973, og igjen frå 1984 til 1989, samt i 1993, før gnissingane mellom Blackmore og dei andre medlemmane vart for store. Den noverande besetninga (med gitarist Steve Morse) har vore mykje meir stabil, sjølv om Lord forlet bandet i 2002 med Paice som einaste gjenverande originalt medlem.

Eitt særdrag ved Deep Purple sin musikk, som skil gruppa frå Led Zeppelin og Black Sabbath, men som går att i seinare hardrock, er påverknaden frå barokkmusikken, uttrykt gjennom lange duellar mellom gitar og orgel. Tydelege døme på dette høyrer ein i låtane «Speed King» frå albumet Deep Purple in Rock, «Highway Star» frå Machine Head og «Burn» frå albumet Burn. Desse sitatteknikkane frå den europeiske kunstmusikken, særskilt barokkmusikkken, fanst i Deep Purple sin musikk allereie på det første albumet, Shades of Deep Purple, frå 1968, til dømes på låten «Mandrake Root». Dette er eit element som knyter gruppa sin musikk til, og viser sambandet med den samtidige progressiv rocken, aktørar som Emerson, Lake & Palmer, Yes og Genesis. Låtane «Smoke on the Water», «Highway Star», «Child In Time», «Black Night», «Perfect Strangers» og «When A Blind Man Cries» er mellom dei mest kjende verka til Deep Purple.

Historie Byrjinga (1967-1968) I 1967 kontakta den tidlegare Searchers-trommisen Chris Curtis forretningsmannen Tony Edwards i London, i håp om at han kunne setje i saman eit nytt band, som skulle heite Roundabout. Curtis hadde ein visjon om ei «supergruppe» der bandmedlemmane kom på og gjekk av, som på ein musikalsk karusell (roundabout på engelsk). Edwards likte ideen og gjekk med på å finansiere føretaket i lag med to partnarar: John Coletta og Ron Hire, alle frå Hire-Edwards-Coletta (HEC) Enterprises.

Den første dei hyrte inn var klassisk-opplærte hammondorganisten Jon Lord, som før hadde spelt med The Artwoods (leia av Art Wood, bror til den framtidige Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood, og med Keef Hartley som eit anna medlem).Eder, Bruce. The Artwoods Allmusic. Han vart etterfølgd av gitarist Ritchie Blackmore, som vart overtydd om å vende attende frå Hamburg for å prøvespele for den nye gruppa. Blackmore hadde vorte kjend som ein dugande studiogitarist, og hadde tidlegare vore med i The Outlaws, Screaming Lord Sutch og Neil Christian & The Crusaders. Curtis oppførte seg eksentrisk og vart raskt tvungen ut av prosjektet, men Lord og Blackmore var lystne på å halde fram, og fortsette å rekruttere fleire medlemmar.Thompson, Dave. Chris Curtis Biography Allmusic. Henta 28. mai 2012

På bassgitar foreslo Lord den gamle venen sin Nick Simper, som han hadde spelt i lag med i eit band kalla The Flower Pot Men and their Garden (tidlegare kjend som The Ivy League) i 1967. I tillegg til å vere med i Deep Purple, var Simper òg kjend for å ha vore med i bandet Johnny Kidd and The Pirates og sete i bilen som kræsja då Kidd mista livet. Simper hadde kjend Blackmore sidan tidleg i 1960-åra då det første bandet hans, the Renegades, debuterte kring samstundes med eit av dei tidlegare banda til Blackmore, the Dominators.Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" p.5. ECW Press Bobby Woodman var førstevalet på trommer, men under prøvespelinga for vokalisten i bandet, kom Rod Evans frå the Maze i lag med trommeslagaren sin, Ian Paice. Blackmore hadde sett Paice på turné med the Maze i Tyskland i 1966 og var imponert over den 18 år gamle guten. Medan Woodman gjekk ut for å kjøpe sigarettar, fekk Blackmore Paice til å spele litt, og både Paice og Evans vart hyrt inn i bandet, og besetninga var komplett.Welch, Chris. "The Story of Deep Purple." In Deep Purple: HM Photo Book, copyright 1983, Omnibus Press.

Bandet starta for alvor i mars 1968 ved Deeves Hall, ein landstad i South Mimms i Hertfordshire.Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). "Rock stars encyclopedia" p.279. DK Publishing.Frame, Pete (2000). "Pete Frame's Rocking Around Britain" p.54. Music Sales Group, 2000 Bandet budde, skreiv songar og øvde i Deeves Hall, som var fullt utstyrt med dei nyaste Marshall-forsterkarane. Etter ein kort turné i Danmark og Sverige i april, der dei framleis vart kalla Roundabout, foreslo Blackmore eit nytt namn: Deep Purple, kalla opp etter favorittsongen til bestemora hans. Dette kom til ved at alle i gruppa måtte foreslå eit namn dei skreiv på ei tavle i øvingslokalet. Nest etter Deep Purple var «Concrete God», som dei tykte vart for valdsamt.Rock Formations: Categorical Answers to How Band Names Were Formed p.53. Cidermill Books. Henta 28. mai 2012Tyler, Kieron On The Roundabout With Deep Purple Henta 28. mai 2012

Gjennombrot (1968-1970) mini|Jon Lord i Hannover i Tyskland i 1970 I mai 1968 flytta bandet inn i Pye Studios i Marble Arch i London for å spele inn debutalbumet Shades of Deep Purple, som kom ut i juli.Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" s.41-42. ECW Press. Henta 28. mai 2012 Gruppa hadde suksess i Nord-Amerika med ein versjon av Joe South sin «Hush», og i oktober 1968 hadde songen nådd 4. plass på Billboard Hot 100 i USA og 2. plass på den kanadiske RPM-lista.Miles, Barry (2009) The British Invasion: The Music, the Times, the Era s.264. Sterling Publishing Company, Inc., 2009The RPM 100: Deep Purple Library and Archives Canada. Henta 28. mai 2012 Same månad varma Deep Purple opp for Cream på Goodbye-turneen deira.

Det andre albumet til bandet, The Book of Taliesyn (med ein versjon av Neil Diamond sin «Kentucky Woman»), kom ut i Nord-Amerika samstundes med turneen og nådde 38. plass på Billboard-lista og 21. plass på RPM-lista. Albumet kom ikkje ut i heimlandet før året etter. Tidleg i 1969 spelte Deep Purple inn det tredje albumet sitt, som berre vart heitande Deep Purple. Albumet inneheldt strykarar og blåsarar på eine songen («April»), og syner spor frå føregangarane til Lord som Bach og Rimskij-Korsakov, og fleire andre inspirasjonskjelder, som Vanilla Fudge. (Lord og Blackmore har til og med hevda at bandet ønskte å vere ein «Vanilla Fudge-klone».) Sidan det ikkje var singelmateriale på albumet, spelte bandet òg inn singelen «Emmaretta», kalla opp etter Emmaretta Marks, som då song i musikalen Hair, som Evans prøvde å forføre. Dette vart den siste innspelinga med originalbesetninga.Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" p.324. ECW Press

Det nordamerikanske plateselskapet til Deep Purple, Tetragrammaton, var no nesten konkurs og utsette produksjonen av albumet Deep Purple til etter den amerikanske turneen i 1969 var ferdig. Dette, i tillegg til dårleg marknadsføring, gjorde at albumet selde dårleg, og nådde aldri Billboard Top 100. Kort tid etter albumet kom ut gjekk Tetragrammaton konkurs og bandet stod utan pengar med ei uviss framtid. Tetragrammaton vart overteken av Warner Bros. Records, som gav ut Deep Purple sine album i USA i 1970-åra. Under den amerikanske turneen i 1969 diskuterte Lord, Blackmore og Paice om å ta bandet i ei tyngre retning. Dei følte at Evans og Simper ikkje ville passe inn med ein tyngre rockestil og begge vart erstatta i løpet av sommaren.Joel Whitburn (2007). "The Billboard Albums: Includes Every Album That Made the Billboard 200 Liste". p.227. Record Research Inc., 2007 Paice sa «me måtte ha ei endring. Om dei ikkje hadde gått hadde bandet gått i oppløysing.»

Bandet leitte etter ein ny vokalist og Blackmore tok kontakt med den 19 år gamle songaren Terry Reid, som året før hadde avslått eit tilbod om å fronte det nydanna Led Zeppelin. Sjølv om han syns tilbodet var «smigrande», var Reid framleis bunden til den eksklusive platekontrakten sin med produsenten Mickie Most og meir interessert i ein solokarriere. Blackmore måtte sjå seg om andre stader. Bandet fekk tak i songaren Ian Gillan frå Episode Six, eit band som hadde gjeve ut fleire singlar i Storbritannia utan å slå skikkeleg gjennom. Gillan hadde ein gong vorte kontakta av Nick Simper då Deep Purple først vart starta, men Gillan skal ha sagt til Simper at han ikkje hadde tru på Roundabout-prosjektet, medan han følte Episode Six kom til å gjere det stort. Six-trommeslagar Mick Underwood – ein gamal ven av Blackmore frå Savages-tida - introduserte bandet til Gillan og bassist Roger Glover. Dette gjorde at Episode Six meir eller mindre vart oppløyst og gav Underwood skuldkjensle det neste tiåret, fram til Gillan tok han med i bandet han starta etter Deep Purple gav seg seint i 1970-åra. Dette skapte Deep Purple Mark II-besetninga, som først gav ut Greenaway-Cook-songen «Hallelujah». Trass i at songen vart framført på fjernsyn i Storbritannia, gjorde songen det dårleg. Blackmore hadde sagt til Record Mirror at dei «trengde ei kommersiell plate i Storbritannia» og skildra songen som ein «noko midt i mellom-sak» mellom det bandet normalt ville spele, men med eit kommersielt motiv.Bloom, Jerry (2008). "Black Knight: Ritchie Blackmore" s.128. Omnibus Press, 2008

Bandet fekk publisiteten dei trong i 1969 med Concerto for Group and Orchestra, eit tre sats langt episk verk av Lord som eit soloprosjekt og framført av bandet i Royal Albert Hall med Royal Philharmonic Orchestra, dirigert av Malcolm Arnold. I lag med Five Bridges av The Nice var dette eit av dei første samarbeida mellom eit rockeband og eit symfoniorkester. Dette konsertalbumet, Concerto for Group and Orchestra, vart det første albumet deira som nådde albumlista i Storbritannia. Gillan og Blackmore var derimot ikkje særskild nøgd med at bandet no var kjend som «gruppa som spelte med orkester» når dei hadde planar om å skape ein mykje strammare, hardrock-stil. Trass i dette skreiv Lord Gemini Suite, eit anna orkester/gruppesamarbeid i same stil, for bandet seint i 1970. Roger Glover har seinare hevda at Jon Lord fungerte som leiaren i bandet i dei tidlege åra.

Toppår (1970-1976) mini|Ritchie Blackmore i Hannover i Tyskland 1970