Félix Édouard Justin Émile Borel () var ein fransk matematikar og politikar.

Han var professor ved universitetet i Lille frå 1893 til 1897, ved École Normale 1897–1903 og 1903–41 ved Faculté des Sciences i Paris. Borel var direktør for École Normale frå 1910 til 1920 og president for det franske vitskapsakademiet.

Saman med René-Louis Baire og Henri Lebesgue var han ein av pionerane når det kom til måleteori og korleis dette vart brukt i sannsynteori. Ei av bøkene hans om sannsyn introduserte det interessante tankeeksperimentet som gjorde innpasset sitt i populærkulturen under namnet Setninga om uendeleg mange aper. Han publiserte òg ei rekkje forskingspapir på spelteori.

Som politikar var Borel leiar for det republikansk-sosialistiske partiet og deputert i den franske nasjonalforsamlinga i fleire periodar 1924–1936. I 1925 var Borel marineminister i regjeringa til P. Painlevés.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Émile Borel» frå , den 12. november 2011.

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Parti républicain-socialiste-politikarar Kategori:Franske marineministrar Kategori:Franskmenn under fyrste verdskrigen Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet