Bannockburn er ein landsby i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 7 000 innbyggjarar. Det vart utkjempa eit stort slag i denne landsbyen i 1314. Slaget vart kjent som slaget ved Bannockburn, og vart utkjempa mellom engelske inntrengjarar og skottar. Skottane var talmessig underlegne, men vann likevel slaget og sørgde for at Skottland fekk sjølvstendet sitt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bannockburn» frå , den 4. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Stirling