Ayr (skotsk-gælisk Inbhir Àir ) er administrasjonsbyen i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 47 000 innbyggjarar og ligg ved Firth of Clyde.

mini|venstre|Ayr krigsminnesmerke i Burns Statue Square.

I 2002 kjempa byen saman med fire andre i Skottland om status som city, men tapte for Stirling.

Ayr er kjent for veddeløpsbanen sin, og spesielt for løpet Scottish Grand National i april og Ayr Gold Cup i september.

Rett nord for Ayr ligg byen Prestwick, og dei to byane veks meir og meir saman. Blant forstadane til Ayr er landsbyen Alloway, der diktaren Robert Burns vart fødd.

Ayrs ligaklubb i fotball heiter Ayr United.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ayr» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i South Ayrshire Kategori:Hamnebyar i Skottland