Coupar Angus (skotsk-gælisk Cùbar Aonghais) er ein by i regionen Perth and Kinross i Skottland. Han har kring 2 000 innbyggjarar. Angus vart lagt til namnet for å skilje han frå Cupar i Fife. Då byen vart overført frå grevskapet Angus til Perthshire i 1891 heldt han det tradisjonelle namnet sitt.
Coupar Angus ligg sør for elva Isla, og åtte kilometer sør for Blairgowrie. I mellomalderen låg det store cisterciensarklosteret Coupar Angus Abbey ved byen. Det vart grunnlagt av Malcolm IV av Skottland rundt 1160.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Coupar Angus» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Perth and Kinross