Tain (skotsk-gælisk Baile Dhubhthaich) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 4 000 innbyggjarar.

mini|venstre|Luftfoto av Tain.

Byen ligg på sørsida av Dornoch Firth, rett ovanfor Dornoch og omtrent 15 kilometer nord for Invergordon. Tain fekk det fyrste kongelege charteret sitt av Malcolm III av Skottland alt i 1066, noko som gjer byen til den eldste kongelege burghen i Skottland.

Namnet på byen kjem frå elva Tain i nærleiken, som har eit namn med ei indoeuropeisk rot som tyder ‘flyt’. Det gæliske namnet, Baile Dubhthaich, tyder ‘byen til Duthac’, og vier til den lokale helgenen Duthac eller Duthus.

Historie Heilage Duthac er ein tidleg kristen figur som truleg levde på 700- eller 800-talet. Eit kapell ved munningen av elva skal ha blitt bygd på fødestaden hans. Kapellet blei ein så viktig stad at det blei rekna som ein stad for asyl, noko det kongelege charteret frå 1066 anerkjende. Duthac blei offisiell helgen i 1419, og ved slutten av mellomalderen var det blitt ein viktig pilegrimsstad i Skottland. Kong Jakob IV vitja det minst ein gong i året i regjeringstida for å oppnå både åndelege og politiske mål.

Under den fyrste skotske frigjeringskrigen (1296–1328) sendte Robert the Bruce kona og dottera si for å søka asyl ved kapellet. Kyrkjeasylet blei brote, og dei blei fanga av styrkar som støtta William II, jarl av Ross og gjevne over til Edvard I av England.Robert Bruce and the Community of the Realm of Scotland, by G.W.S. Barrow, Edinburgh, 1965

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tain» frå , den 2. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Highland