Christophorus Clavius (fødd Christoph Klau 1537/38 i Bamberg i Tyskland, død 1612 i Roma) var ein tysk matematikar, astronom og jesuittpater på 1500-talet. I samtida vart han kalla «kongen av matematikken», og vart framført alt kjend for arbeidet sitt ved det vatikanske stjerneobservatoriet som førte til utviklinga av det nye kalendersystemet som vart kalla opp etter pave Gregor XIII, den gregorianske kalenderen.

Clavius tredde inn i jesuittordenen i 1555 og fekk utdanninga si i ordenen. Ved jesuittane sitt Collegio Romano i Roma studerte han teologi og underviste deretter matematikk der i ein lang periode. Clavius forfatta fleire matematikkbøker og medverka slik til utviklinga av matematikken. Ein vidt utbreidd kommentar til euklidsk geometri stammer frå han. Clavius medverka òg til teorien for prostaferese, ein reknemetode som var ein forløpar for logaritmane. Verka hans kom ut i 1612 i Mainz i fem band.

Månekrateret Clavius er kalla opp etter han.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christophorus Clavius» frå , den 1. november 2011.

Kategori:Fødde i 1530-åra Kategori:Døde i 1612 Kategori:Folk frå Bamberg Kategori:Tyske katolske prestar Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Tyske astronomar Kategori:Tyske jesuittar Kategori:Matematikarar på 1500-talet Kategori:Matematikarar på 1600-talet