Georg Friedrich Bernhard Riemann () var ein tysk matematikar som leverte viktige bidrag til matematisk analyse og differensialgeometri. Nokre av oppdagingane hans bana vegen for den seinare utviklinga av generell relativitet. Riemann var ein av dei mest innflytnadsrike matematikarne på midten av 1800-talet, og sjølv om han publiserte lite opna han vegen til nye område av matematikken ved å kombinere analyse og geometri.
Han overtok etter P. G. L. Dirichlet som professor i Göttingen i 1859. Dokoravhandlinga til Riemann frå 1854, Über die Hypothesen, welche der Geometrie zu Grunde liegen er eit av dei revolusjonerande bidraga hans til geometrien. Det er her ein for første gong finn ideane som vert kalla riemannsk geometri, og som kom til å spele ei hovudrolle i relativitetsteorien til Albert Einstein.
Sjå òg Riemann-integral Riemann-zeta-funksjonen Riemannsk sfære
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bernhard Riemann» frå , den 31. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff Bernhard Riemann - MacTutor History of Mathematics archive
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Geometerar Kategori:Folk frå Landkreis Lüchow-Dannenberg Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet