Arne Carl-August Beurling () var ein svensk matematikar.

Beurling var professor i matematikk ved universitetet i Uppsala (1937-1954) og seinare ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Han har særleg levert bidrag til harmonisk analyse og funksjonsteori.

Under andre verdskrigen, sommaren 1940, greidde Beurling å knekke tyskarane sin krypteringsmaskin Geheimschreiber. Tyskland brukte svenske teleleidningar for å kunne nå styrkane sine i Noreg med teleprintar. Det svenske forsvaret utnytta høvet og freista å lytte på hemmeleg trafikk. Gjennom prestasjonen til Beurling hadde svenske styresmakter førehandskunnskap om mange viktige hendingar under krigen:

operasjon Barbarossa, det tyske åtaket på Sovjetunionen. «Tirpitz» som saman med kryssaren «Admiral Scheer» med fleire stridsfartøy passerte utanfor Söderarm. at tyske SS-troppar reiste frå Noreg med båt for å gå i land ved Vasa. at Tyskland ville spørje Sverige om å få sende soldatar med svensk jarnbane.

I juni 1942 mistenkte Tyskland at Sverige las meldingane mellom Noreg og Sverige, og trafikken vart endra eller opphøyrde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arne Beurling» frå , den 30. oktober 2011.

Kategori:Svenske matematikarar Kategori:Professorar ved Princeton Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Göteborg Kategori:Matematikarar på 1900-talet