«No More Mr. Nice Guy» er ein song frå 1972 av hardrockgruppa Alice Cooper frå albumet Billion Dollar Babies. Singelen vart gjeven ut i 1973 og nådde 25. plass i USA og 10. plass i Storbritannia, og var med på å ta albumet til førsteplassen i begge landa. Songen er skriven av Alice Cooper og Michael Bruce.
Cooper skreiv songen om reaksjonane til kyrkjegruppa til mora om sceneframferda til Cooper og rollene han spelte på scenen. Han sa at det var verre ting han kunne gjort i livet og at «hanskane no var av».http://www.songfacts.com/detail.php?id=3596
Heavy metal-gruppa Megadeth spelte inn songen for filmen Shocker i 1989. Songen er òg spelt inn av Pat Boone for coveralbumet In a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy.
Songen vart spelt inn på ny av Alice Cooper for videospelet Guitar Hero: Warriors of Rock.
Songen vart spelt i filmen Dazed and Confused, fjernsynsserien Family Guy i ein parodiscene av Dazed and Confused, og i fjernsynsserien The Simpsons.
Utgjevingar Billion Dollar Babies A Fistful of Alice Alice Cooper: Brutally Live Live at Montreux Alice Cooper's Greatest Hits The Beast of Alice Cooper Classicks (konsert) The Life and Crimes of Alice Cooper Mascara and Monsters: The Best of Alice Cooper The Definitive Alice Cooper The Essentials: Alice Cooper School's Out and Other Hits
Lister ÅrLandPlassering1972USA251972Storbritannia101972Austerrike141972Nederland61972Irland181972Tyskland10
Medverkande Alice Cooper - vokal Glen Buxton - sologitar Michael Bruce - rytmegitar Dennis Dunaway - bass Neal Smith - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «No More Mr. Nice Guy (song)» frå , den 23. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Alice Cooper-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1973