School's Out er det femte studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1972. Tittelsporet på albumet vart ein stor hit og vart spelt fast på konsertane til Alice Cooper. Mange «Classic Rock»-stasjonar speler framleis songen på radio.
Det opphavlege plateomslaget (designa av Craig Braun Craig Braun's personal website) var slik at det kunne opnast som ein gammal skulepult. Vinylplata var pakka inn i eit par jentetruser. Denne originale utgåva vart kalla attende fordi trusene ikkje var flammesikre. Albumet remastra i 2009 for Audio Fidelity av Steve «Daddy Tonemeister» Hoffman i HDCD.
Albumet nådde andreplassen på den amerikanske albumlista og gjekk heilt til topps i Canada, der det låg i fire veker.http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.7652&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12 Singelen «School's Out» nådde 7. plass på singellista i USA og 3. plass i Canada.http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.4176&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12 I Storbritannia gjekk singelen heilt til topps.
Innhald
Medverkande Alice Cooper - vokal Glen Buxton - sologitar Michael Bruce - rytmegitar, klaverinstrument Dennis Dunaway - bassgitar Neal Smith - trommer Bob Ezrin - klaverinstrument Dick Wagner - sologitar på «My Stars» Rockin' Reggie Vincent - gitar, korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «School's Out (album)» frå , den 23. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Album spelte inn i Record Plant