Kill City er eit album gjeve ut i 1977 av Stooges-vokalist Iggy Pop og gitarist James Williamson. «Johanna» og «I Got Nothin'» vart begge spelte på konsertar i 1973 og 1974 medan James Williamson var i Stooges.

Innspelt Kill City vart spelt inn i 1975 etter at gruppa vart oppløyst. Det skulle vere ein demo som dei skulle gje til plateselskap i håp om få Iggy Pop ein ny platekontrakt. Vokalen hans vart spelt inn i helgene då han fekk permisjon frå mentalsjukehuset han var innlagd på for behandling for det langvarige heroinmisbruket sitt.

Den originale demo-miksen av albumet frå 1975 er aldri gjeven ut, bortsett frå tre spor som finst på forskjellige samleplater som A Million in Prizes og Original Punks: «Johanna», «Consolation Prizes» og «Kill City». Desse høyrest markant forskjellige ut frå dei endelege versjonane på albumet, med andre gitarparti og utan saksofon på «Johanna».

Ny miks i 1977 og utgjeving Ingen tok imot albumet før i 1977, då soloalbuma til Pop, The Idiot og Lust for Life gjorde det godt, og James Williamson fekk eit forskot frå Bomp på å gje ut albumet. Noko av midlane vart nytta til å gjere innspelingane ferdig og mikse albumet på ny.

Pop dukka seinare opp som seg sjølv i Tales from the Crypt og framførte tittelsporet der.

Masterteipane gjekk tapt kort tid etter at albumet kom ut, så alle nyare CD-utgjevingar er derfor mastra frå den originale grøne vinylen av dårleg kvalitet. Dette er delvis årsaka til den noko grumsete lyden på albumet.

Ny miks i 2010 I 2010 miksa James Williamson og lydteknikar Ed Cherney nok ein gong frå dei originale fleirspora. Dette gjorde at det kom enno ein ny versjon av albumet, gjeven ut på Bomp Records den 19. oktober 2010.

Innhald

Medvekrande Iggy Pop - Vokal James Williamson - Gitar Scott «Troy» Thurston - Tangentinstrument, bass på «Kill City», «Beyond the Law», «Johanna» og «Night Theme», korvokal, spesialeffektar, munnspel Brian Glascock - Trommer, congatrommer, afrikanske trommer, korvokal, guiro Steve (From Out of Nowhere) Tranio - Bass på «Sell Your Love», «I Got Nothin'» & «No Sense of Crime» Tony «Fox» Sales - Korvokal og bass på «Lucky Monkeys» & «Master Charge» Hunt Sales - Korvokal og trommer «Lucky Monkeys» & «Master Charge» John «The Rookie» Harden - Saksofon Gayna - Korvokal på «Night Theme»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kill City» frå , den 16. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iggy Pop-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Radar Records-album Kategori:Album produserte av James Williamson