Set the Twilight Reeling er det 17. soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1996 på Warner Bros. Records.
Plateomslag og tekst Plateomslaget er laga av Stefan Sagmeister. Fotografiet er teken av Timothy Greenfield-Sanders. CD-etuiet hadde ein mørkeblå/fiolett farge.
Som det står i tekstarket, er «Finish Line» skriven som ein hyllest til Velvet Underground-gitaristen Sterling Morrison, som hadde døydd året før. Albumet er dedisert til Laurie Anderson, som Reed gifta seg med tolv år etter albumet kom ut. David Fricke i Rolling Stone skreiv at Laurie Anderson var kjærleiksinteressa på sporet «Hooky Wooky», der Reed skriv om at han var sjalu på dei tidlegare kjærastane til kjærasten sin.
Mottaking
Set the Twilight Reeling fekk generelt positive meldingar frå kritikarane.
Innhald
«Sex With Your Parents (Motherfucker)» er eit konsertopptak frå 14. juli 1995 på The Roof i New York
Medverkande Lou Reed - vokal, gitarar Fernando Saunders - elektrisk bass, akustisk gitar på «NYC Man», korvokal Oliver Lake, J.D. Parran, Russell Gunn, Jr. - horn på «NYC Man» Roy Bittan - piano på «Finish Line» Tony «Thunder» Smith - trommer, korvokal Mino Cinelu - perkusjon på «Finish Line» Laurie Anderson - korvokal på «Hang On To Your Emotions»
Teknisk Struan Oglanby – programmering, produksjonskoordinering Bob Ludwig - mastering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Set the Twilight Reeling» frå , den 10. oktober 2011 og 9. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lou Reed-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Plateomslag av Stefan Sagmeister Kategori:Sire Records-album