Tawakel KarmanArabisk توكل كرمان, . Namnet Tawakull blir også stava "Tawakel", "Tawakul" og "Tawakkul" () er ein jemenittisk politikar som blei tildelt Nobels fredspris i 2011. Karman er menneskerettsaktivist og eit medlem av opposisjonspartiet Al-Islah. Ho er leiar av gruppa «Kvinnelege journalister utan lenker» som ho oppretta i 2005.

Arbeid for demokrati og menneskerettar

Tawakul Karman starta menneskerettsgruppa «Kvinnelege journalistar utan lenker» (WJWC) i 2005 for å fremje menneskerettar, «særleg fridom til meinings-og ytringsfridom og demokratiske rettar». Karman sa at ho har fått «truslar og freistingar» frå styresmakter ved telefon og brev på grunn av at ho nekta å godta Informasjonsdepartementet si avvisning av WJWC sin søknad om å lovleg skape ein avis og en radiostasjon. Frå 2007 til 2010 har Karman regelmessig leia demonstrasjonar og sitt ned-aksjonar på Fridomsplassen i Sana.

I 2011, under «den arabiske våren», organiserte Karman studentdemonstrasjonar mot styret i landet. Ho blei arrestert i januar og mars det året, men sleppt fri att og fortsette å halda protestar.

Karman har også engasjert seg mot barneekteskap og for å heva den seksuelle lågalderen i Jemen.

Bakgrunn Karman vart fødd i byen Taiz sør i Jemen som dotter av Abdel Salam Karman, ein politikar og juridisk ekspert. Ho er gift med Mohammed og har tre born.

Bakgrunnsstoff Program om Tawakkul Karman ved aljazeera.net Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tawakel Karman» frå , den 7. oktober 2011. PROFILE: Tawakuul Karman: The female voice of Yemen's uprising Tom Finn, Tawakul Karman, Yemeni activist, and thorn in the side of Saleh, guardian.co.uk

Kategori:Jemenittiske politikarar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Jemenittiske nobelprisvinnarar