Ralph Marvin Steinman () var ein kanadisk lækjar og vinnar av nobelprisen i medisin i 2011.
Biografi
Steinman vart fødd i ein jødisk familie i Montreal i Canada, men flytte snart til byen Sherbrooke i Sør-Quebec. Etter å ha fullført high school i Sherbrooke, flytte Ralph Steinman tilbake til Montreal, der han budde hjå besteforeldra medan han studerte ved McGill University. Han fullførte doktorgrad i medisin i 1968 ved Harvard Medical School i Boston, Massachusetts.
I vaksen alder arbeidde Steinman som cellebiolog og immunobiolog ved Rockefeller University i byen New York. Hans viktigaste gjerning som lækjar var oppdaginga av det han kalla dendrittceller, eller forgreina celler, i 1973.
Steinman døydde 30. september 2011 av kreft i bukspyttkjertelen. Han vart 68 år gamal.Aftenposten, 03.10.11: Avdød vinner får beholde nobelprisen
Nobelprisen
3. oktober 2011 vart det kunngjort at Steinman hadde vunne nobelprisen i medisin saman med Bruce A. Beutler og Jules A. Hoffmann. Prisen vart tildelt Steinman for oppdaginga av dendrittcellene, og rolla dei speler i tilpassingsdyktig immunitet. Nobelkomitéen hadde ikkje blitt informert om dødsfallet då dei kunngjorde tildelinga. Ettersom ein etter reglane ikkje kan gje nobelprisen til avdøde personar, var komitéen i tvil om kva som skulle gjerast med prisutdelinga. Reglane spesifiserer også at ein kan utdela prisen posthumt dersom den kunngjorte prisvinnaren døyr før han mottek prisen. Difor konkluderte komitéen med at Steinman fekk behalda prisen fordi avgjerda vart gjort «i god tru.»Pressemelding frå nobelkomitéen, 3. oktober 2011
Prisar og utmerkingar
1998 – William B. Coley Award 1999 – Robert Koch-prisen 2003 – Gairdner Foundation International Award 2007 – Laskerprisen 2009 – Albany Medical Center Prize (med Charles A. Dinarello og Bruce A. Beutler) 2011 – Nobelprisen i medisin (med Bruce A. Beutler og Jules A. Hoffmann)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ralph M. Steinman» frå , den 4. oktober 2011.
Fotnotar
Kategori:Kanadiske legar Kategori:Kanadiske biologar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Kanadiske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Montreal Kategori:Nobelprisen i medisin