Slade er eit engelsk rockeband skipa i Wolverhampton i 1966. Det slo gjennom i glamrocktida tidleg i 1970-åra, og fekk 17 topp 20-hittar på rad og seks av dei gjekk til topps på UK Singles Chart. British Hit Singles & Albums kåra dei til den mest suksessrike britiske gruppa den mest suksessrike i 1970-åra basert på singelsal. Dei var det første bandet som fekk tre singlar rett inn på toppen av lista, og dei seks førsteplassane dei hadde var alle skrivne av Noddy Holder og Jim Lea. I 2006 hadde dei selt 6,5 millionar plater i Storbritannia, og den bestseljande singelen deira «Merry Xmas Everybody» har selt over ein million eksemplar. I følgje ein BBC-dokumentar i 1999 hadde bandet selt over 50 millionar plater verda over.

Etter ei mislykka flytting til USA i 1975, vart Slade mindre populært i Storbritannia, men vart uventa gjenoppliva i 1980 då det i siste augneblink var erstatning for Ozzy Osbourne på Reading Rock Festival. Bandet erkjente seinare at dette var eit av høgdepunkta i karrieren. Den opphavlege besetninga vart oppløyst i 1992, men skipa opp att seinare på året som Slade II. Bandet har framleis, med ei rekkje besetningsendringar, halde på fram til i dag. Dei har òg forkorta gruppenamnet attende til Slade.

Ei rekkje artistar frå forskjellige sjangrar har nemnt Slade som ein innverknad, inkludert Nirvana, Smashing Pumpkins, Ramones, Sex Pistols, The Undertones, The Runaways, The Clash, Kiss, Mötley Crüe, Poison, Def Leppard, Twisted Sister, The Replacements, Cheap Trick, Oasis, Quiet Riot (der to av dei tre største hittane deira var Slade-songar) og Britny Fox. The Illustrated Encyclopaedia of Music fortel om den mektige røysta til Holder, gitaristen Dave Hill si like fengslande speling, og bevisst feilstaving av songtitlane til bandet (til dømes «Cum On Feel the Noize» og «Mama Weer All Crazee Now») som det vart godt kjent for.

Oversyn Alle medlemmene i Slade voks opp i Black Country i Midlands i England. Trommeslagaren Don Powell og bassisten Jim Lea var fødde og oppvaksne i Wolverhampton, solovokalisten Noddy Holder var fødd og oppvaksen i Caldmore i nærleiken, og hovudgitaristen Dave Hill flytta til Wolverhampton frå Holbeton som barn. Slade har gjeve ut over 30 album, der tre nådde toppen av UK Albums Chart. Utgjevingane deira har lagt totalt 315 veker på dei britiske hitlistene, og dei har oppnådd 24 topp 30-hittar i heimlandet.

Slade dominerte dei britiske singellistene på byrjinga av 1970-talet, og utkonkurrerte rivalar som Wizzard, Sweet, T.Rex, Suzi Quatro, Mud, Gary Glitter, Roxy Music og David Bowie. Slade oppnådde tolv topp 5-hitsinglar i Storbritannia mellom 1971 og 1974, der tre gjekk rett inn på førsteplassen. Av dei 17 topp 20-hittane mellom 1971 og 1976, kom seks til toppen av lista, tre nådde andreplassen og to nådde tredjeplassen. Ingen andre britiske artistar i perioden var like konsistent på topp 40 i Storbritannia, og denne bragda var det næraste noka gruppe hadde komme for å matche The Beatles sine 22 Topp 10-plater på eit enkelt tiår (1960-talet). Slade selde fleire singlar i Storbritannia enn noka anna gruppe på 1970-talet. Berre i 1973 selde «Merry Xmas Everybody» over ein million eksemplar globalt og oppnådde gullplatestatus. Gruppa turnerte i Europa i 1973 og USA i 1974.

Slade flytta til USA på midten av 1970-talet, i eit forsøk på å bryta seg inn på den amerikanske marknaden, og sjølv om dette stort sett ikkje lykkast, sette dei preget sitt på ei rekkje amerikanske band som sidan har sitert Slade som ei inspirasjonskjelde. I slutten av 1970-åra vende bandet attende til Storbritannia etter mange års kommersiell fiasko både i inn- og utland. Karrieren til Slade vart uventa gjenoppliva då bandet vart spurt om å opptre på Readingfestivalen i 1980 då Ozzy Osbourne trekte seg ut i siste augneblink. Dei neste to åra produserte bandet materiale skreddarsydd for heavy metal-scena, og i 1984 sprakk dei endeleg den amerikanske marknaden med hitane «Run Runaway» og «My Oh My». Denne nyoppdaga suksessen varte likevel ikkje lenge, og trass i ein topp 25 britisk hit på byrjinga av 90-talet, vart bandet oppløyst like etter, i 1992.

Karriere

Tidlege år (1966–1970)

I 1964 var trommeslagaren Don Powell og gitaristen Dave Hill ein del av ei Midland-basert gruppe kalla The Vendors. Dei spelte på klubbar i området og dei hadde òg fått laga seg ein privat EP på fire spor. På den tida spelte Noddy Holder gitar og song i Steve Brett & the Mavericks. Dei fekk kontrakt med Columbia Records og gav ut tre singlar i 1965.The Genesis of Slade compilation booklet Etter å ha lytta til amerikanske bluesartistar som Sonny Boy Williamson II, John Lee Hooker og Howlin' Wolf, valde The Vendors å endre retning og namn: Som The N Betweens fekk dei stadig fleire fans og byrja å spele oppvarmingskonsertar for artistar som The Hollies, The Yardbirds, Georgie Fame og Spencer Davis.

The Mavericks og The 'N Betweens var på veg til sine eigne konsertar i Tyskland då dei møtte kvarandre på ei ferje i 1965. Powell og Hill spurte Holder om han ville vere interessert i å bli med i The 'N Betweens, men Holder avslo. Seinare, tilbake i heimbyen Wolverhampton, møttest musikarane igjen, og denne gangen gjekk Holder med på å bli med i gruppa. Jim Lea var alt blitt henta inn med ein sterk musikalske bakgrunn og dugleik på bassgitar. Lea, som òg spelte piano og fiolin, hadde vore i Staffordshire Youth Orchestra og fekk beste karakter i ein praktisk eksamen ved ein musikkskule i London.

I 1966 hadde denne nye versjonen av 'N Betweens spelt inn ein promo-singel av Otis Redding-songen «Security» og ein sjølvskriven song, «Evil Witchman»" gjeven ut på Highland Records. Ein ytterlegare singel, «You Better Run» vart gjeven ut på Columbia Records og produsert av Kim Fowley. Denne siste singelen vart rapportert av Powell for å ha toppa dei regionale midtlandslistene, sjølv om han ikkje klarte å få nokon nasjonal innverknad.Dokumentarfilmen It's Slade 1999 Mellom 1966 og 1967 spelte bandet hovudsakleg R&B og Tamla Motown-aktig musikk, medan Noddy si teft som entertainer byrja å gje bandet eit fokus. I løpet av 1967 spelte bandet inn songen «Delighted to See You» som ikkje kom ut før i 1994, då han kom ut på samleplata Psychedelia at Abbey Road med ymse artistar. Sjølv om gruppa ikkje var i studio igjen på omtrent to år, bygde dei opp eit respektabelt rykte som konsertband.

Ein lokal promotor, Roger Allen oppdaga gruppa i 1969 og varsla sjefen for A&R hos Philips Records, Jack Baverstock. Gruppa heldt til ei veke i Philips-studioet i Stanhope Place får å spele inn eit album, før Baverstock tilbaud seg å signera gruppa til Fontana Records viss dei endra namn og skaffa seg London-basert leiing. Bandet var i utgangspunktet nølande på grunn av ryktet som 'N Betweens', men gjekk til slutt med på «Ambrose Slade», eit namn inspirert av sekretæren til Baverstock, som hadde kalla handveska hennar Ambrose og skorne Slade. Baverstock fann òg gruppa ein agent, John Gunnel, som tidlegare hadde jobba med underhaldningsentreprenøren Robert Stigwood.

Debutalbumet til bandet, Beginnings, som kom ut i midten av 1969, var ein kommersiell fiasko, det same vart den instrumentale singelen «Genesis» og oppfølgingssingelen «Wild Winds Are Blowing».Plateheftet til Beginnings Medan albumet vart spelt inn, fekk bandet besøk av Gunnel og forretningspartnaren hans, bassisten i The Animals, Chas Chandler. Chandler var imponert over det han høyrde i studioet, og etter å ha sett bandet live dagen etter, tilbaud han å administrera dei. Sidan Chandler hadde tidlegare leiarerfaring med Jimi Hendrix, godtok bandet forslaget.

Chandler var ikkje fornøgd med debutalbumet og trudde bandet ville tena på å skriva eige materiale og endre image. Bandet adopterte ein skinhead-utsjånad i eit forsøk på å få omtale frå det som var ein ny ungdomstrend, men dette la òg til ein uvelkommen tilknyting til fotballholiganisme. Noddy Holder og Don Powell hadde alt ein spesielt tøff utsjånad, og skinhead-utsjånaden forverra den urovekkande effekten av å ha «kjeltringar» i bandet. I 1970 forkorta bandet namnet til Slade og gav ut ein ny singel, ein cover av «Shape of Things to Come» som, trass i ei framferd på det britiske musikkshowet Top of the Pops, ikkje klarte å gå inn på singellista.

Chandler flytta Slade til Polydor Records og trudde at ein meir profilert etikett ville auka salet. Det vart lagt tekst til den instrumentale «Genesis» frå debutalbumet til bandet, og resultatet vart gjeve ut som «Know Who You Are», men igjen klarte ikkje singelen å gjera noko inntrykk på den britiske singellista, og det gjorde heller ikkje albumet Play It Loud, som kom ut i slutten av 1970 og var produsert av Chandler sjølv. Seinare vart albumet retrospektivt godt mottatt av fans og kritikarar, og tente ei sølvskive for sal.Play It Loud remastered booklet

Glamrock, suksess og gullår (1971–1974) mini|upright|Noddy Holder (høgre) og Dave Hill (venstre), nær toppen av karrieren sin i 1973, med noko av den meir ekstreme glamrock-moten.

Chandler hadde leidd bandet i nesten to år utan suksess då han foreslo å gje ut ein versjon av Bobby Marchan-songen «Get Down and Get With It», opphavleg framført av Little Richard. Slade hadde framleis eit godt rykte som konsertband, og songen hadde vorte brukt på konsertane deira i mange år. Songen var alltid populær og oppfordra publikum til å syngje med på teksten, og det var håp om at kjensla av ein konsert ville kjennast att i studioopptaket. Songen vart gjeven ut i midten av 1971, og i august kom han inn på topp 20 i Storbritannia og nådde 16. plassen.

Bandmedlemmene let håret gro langt og allierte seg med glamrockrørsla på byrjinga av 1970-talet. Scenekostymet til Hills vart òg oppsiktsvekkande i løpet av denne perioden. Chandler kravde no at bandet skulle skriva ein oppfølgjarsingel sjølv som førte til at Lea og Holder skreiv «Coz I Luv You». Songen vart skriven på ein halv time og starta eit skrivepartnarskap som ville halde fram gjennom karrieren til Slade. Då han høyrde sporet spelt for han akustisk, spådde ein nøgd Chandler at songen ville gå heilt til topps. Under innspelinga følte bandet at songen var for lett, og derfor vart klapping og tramping lagt til. Den feilstava tittelen på songen vart òg eit varemerke for Slade medan den skapte furore blant britiske skulelærarar.Slade's Greatest Hits compilation booklet Den medfølgjande framferda på BBC-programmet Top of the Pops førte Slade ut til eit breiare publikum, i tillegg til at han pressa «Coz I Luv You» til topps på dei britiske hitlistene. I november 1971 rapporterte NME at Slade hadde takka nei til ein kampanje verdt fleire millionar dollar, inkludert ein TV-serie og ein sterkt promotert turné i USA. «Men», kommenterte Holder, «aksept ville ha betydd kansellering av mange forpliktingar her - og det siste vi vil gjera var å svikte menneska som har førte oss dit me var».

Ein andre singel med tittelen «Look Wot You Dun», kom ut i byrjinga av 1972, og nådde fjerdeplassen på singellista, og eit livealbum kom ut i mars. Albumet Slade Alive! viste seg å vera vellykka, og låg 52 veker på den britiske albumlista, og nådde andreplassen på lista. Det gjorde det òg bra i utlandet, og toppa den australske hitlista og gav bandet den første plasseringa på den amerikanske albumlista. Albumet vart spelt inn over tre kveldar i eit nybygt studio i Piccadilly føre 300 fanklubbmedlemmer.Slade Alive anthology compilation booklet I dag blir albumet rekna som eit av dei beste konsertalbuma som nokosinne er laget.

To månader seinare gav bandet ut «Take Me Bak 'Ome». Singelen vart den andre britiske førsteplassen til Slade og gjekk inn på singellista i ei rekkje andre land, inkludert Amerika der han nådde 97. plassen på på Billboard-lista. Slade oppnådde sin tredje nummer éin då «Mama Weer All Crazee Now» kom ut seinare same år.